Matsuo Bashō

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Teikning av Matsuo Bashō frå rundt 1820. Den kjende haikuen hans om frosken er skrive rundt.

Matsuo Bashō (fødd rundt 1644, død 28. november 1694), japansk 松尾芭蕉, var kunstnarnamnet åt ein japansk diktar som levde under edotida. Han er ofte lovprisa for å ha perfeksjonert haikudiktinga, men medan han levde var Bashō mest kjend som ein dyktig diktar av haikai no renga, halvkomiske verselenkjer som vanlegvis blei laga av fleire diktarar saman.

Dikting[endre | endre wikiteksten]

Den gamle dammen
ein frosk som hoppar oppi
lyden av vatnet

Matsuo Basho
image page

I vår tid er Bashō hovudsakleg kjend for dei elegante haikuane han skreiv. Han utvikla diktforma frå det morosame, underhaldande verset til seriøs kunst med inspirasjon frå zen-buddhismen. Eigentleg var ikkje dikta hans reine haiku, men dei første tre linjene frå lengre renga. Dei har likevel blitt samla og publisert som haiku fleire gonger, og har hatt sterk innverknad på seinare diktarar, som Kobayashi Issa og Masaoka Shiki. Mange av dei er òg omsette til norsk.

Eitt av dei mest kjende dikta til Bashō, om frosken i den gamle dammen, er halde fram som eitt av meisterverka innan haikudikting, og er kanskje blitt det best kjende slike diktet i verda.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Gravsteinen til diktaren i Gichu-ji i Otsu.

«Matsuo» var familienamnet åt diktaren, men han er vanlegvis berre kalla «Bashō», utan etternamnet. Han var kjend som «Kinsaku» som barn, og seinare som «Munefusa». Diktaren tok mange pseudonym i livet sitt. Eit tidleg kunstnarnamn, «Tosei», tyder 'ferskenkart' (eller 'fersken i blått'), ein hyllest åt den kinesiske diktaren Li Po — namnet Li Po tyder 'plomme i kvitt'. Han tok namnet «bashō», som tyder banantre, frå eit tre ein elev gav han og planta i nærleiken av hytta der han budde. Soga fortel at klimaet var for kaldt til at dette treet bar frukt, og at han meinte å kalla fram bildet av ein ubrukeleg diktar med dette.

Vestlege stavemåtar for Basho er uvanlege, men kan inkludere Matuo Basyou, når ein brukar Nihon-shiki, eller Matuwo Baseu om ein bruker ein transliterasjon som svarer meir nøyaktig til stavinga som var i bruk på hans tid.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Matsuo Bashō