Max von Pettenkofer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Max von Pettenkofer

Max Joseph von Pettenkofer, fødd Pettenkofer, (3. desember 181810. februar 1901) var ein tysk lege og kjemikar. Han er kjend som grunnleggjar av den tyske hygieniske skulen.

Pettenkofer var fødd i Lichtenheim i Niederbayern. Han studerte kjemi i Giessen under Justus von Liebig. I 1843 blei han doktor i medisin. I 1847 blei hand utnemnd til professor i medisinsk kjemi ved Ludwig-Maximilians-Universität München. I 1866 blei han professor i hygiene same stad, den første som hadde denne stillinga i Tyskland, og i 1879 opna hand det første hygieneinstituttet. I 1890 blei han president i det bayerske vitskapsakademiet.

Pettenkofer grunnla den tyske hygieniske skulen, og arbeidet hans spreidde seg langt utanfor Tyskland. I fleire undersøkingar, tidvis saman med Carl von Voit, forska han på hygienerelaterte som korleis kolera spreidde seg, innverknaden frå grunnvatn, ventilasjon, desinfeksjon, stoffskifte og så bortetter.

Saman med Ludwig von Buhl og Voit gav von Pettenkofer frå 1864 til 1881 ut Zeitschrift für Biologie. Saman med August Wilhelm von Hofmann og Joseph Forster gav han ut Archiv für Hygiene, og redigerte saman med Hugo von Ziemssen ei omfangsrik Handbuch der Hygiene i tre band.

Pettenkofer blei adla i 1883, og kunne deretter kalla seg von Pettenkofer. Han døydde i München. Det er reist eit monument til han på Maximiliansplatz i München.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]