Mayon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mayon
Mayon - Mayon sett frå Lingñon i Daraga i Albay i desember 2006
Mayon sett frå Lingñon i Daraga i Albay i desember 2006
Høgd over havet 2463 moh
Primærfaktor 2447 m
Koordinatar 13°15′24″N 123°41′6″EKoordinatar: 13°15′24″N 123°41′6″E
Fjelltype Stratovulkan
Siste utbrot Desember 2009.[1]
Kart over Albay og Albaybukta som syner plasseringa til Mayon
Mayon i det hampproduserande distriktet i Luzon .
Mayon den 23. september 1984
Mayon ovanfor den fredlege landsbygda, om lag fem månader før det kraftige utbrotet i september 1984.
Mayon med oskeeksplosjon ved daggry 18. desember 2009

Mayon er ein aktiv stratovulkan i provinsen Albay på øya LuzonFilippinane.

Vulkanen er kjend for den «perfekte kjegleforma» og ligg 15 km nordvest for Legazpi City. Dei lokale segnene omtalar vulkanen som Bulkang Magayon etter den segnomsuste heltinna Daragang Magayon.[2]

Den 13. oktober 2008 vart han innlemma på Topp 100-lista Dei sju nye naturlege underverka.

20. desember 2009 heva det filippinske vulkaninstituttet farestatusen til nivå 4 då lavastraumen på sørsida av vulkanen auka og svoveldioksidutsleppet auka til 750 tonn om dagen. I tillegg vart det registret nesten 460 jordskjelv dagleg. Innbyggjarane i dei nærliggande områda, om lag 45 000 menneske, vart evakuerte av dei filippinske styresmaktene.[3]

Geomorfologi[endre | endre wikiteksten]

Mayon er ein aktiv stratovulkan. Den noverande kjegla vart danna av pyroklastiske straumar og lava frå tidlegare utbrot. Mayon er den mest aktive vulkanen på Filippinane og har hatt 49 utbrot dei siste 400 åra.

Han ligg på austsida av Luzon, ved Filippinegropa som er ei konvergerande grense der den filippinske havplata møter det filippinske mobile beltet. Der ei kontinentalplate eller eit belte av kontinentbitar møter ei havplate, vil dei lettare kontinentalfragmenta sette seg over havplata, og tvingar hennar ned i mantelen til jorda. Magma vert danna der grunnfjellet smeltar, og kan pressast opp gjennom svakare område i jordskorpa. Eit slikt område finst ved Mayon.

Som andre vulkanar rundt Stillehavet er Mayon ein del av eldringen i Stillehavet.

Plassering og danning[endre | endre wikiteksten]

Mayon er det mest kjende landemerket i Albay på Filippinane. Han ligg 10 km frå Albaybukta[4] i kommunane Legazpi City, Daraga, Camalig, Guinobatan, Ligao City, Tabaco City, Malilipot og Santo Domingo (med klokka frå Legazpi). Han har ei høgd på 2462 moh.[5]

Utbrot[endre | endre wikiteksten]

Mayon har hatt 49 kjende utbrot. Det første vart registrertt i 1616. Det 48. og siste store utbrotet var ei roleg lavautstrøyming den 14. juli 2006,[6], som vart forverra då ein lahar skapt av regn frå tyfonen Durian oppstod 30. november 2006. Eit anna utbrot skjedde 10. august 2008.[7] For tida har vulkanen svakare utbrot, men fleire faktorar tyder på at eit kraftigare utbrot er i emning.

Det kraftigaste utbrotet til Mayon skjedde 1. februar 1814. Lava strøymte ut, men ikkje like mykje som i 1766. I staden for kasta vulkanen ut mørk oske som bombarderte det omliggande området med tefra og gravla byen Cagsawa— og berre klokketårnet på landsbykyrkja stod over den nye overflata. Skogar vart sett ibrann og elvane vart øydelagde. Nærliggande område vart dekte av eit opptil 9 meter oskelag. 2200 innbyggjarar mista livet.[4]

Det lengste utbrotet til Mayojn skjedde 23. juni 1897. Det vart sju dagar. Lavaen nådde òg denne gongen busette område. 10 km mot aust vart landsbyen Bacacay gravlagd under 15 meter lava. I Libon mista 100 menneske livet, brende av damp og varme steinar som fall frå himmelen. Oska vart ført i svarte skyer så langt som 160 km bort frå vulkanen. Meir enn 400 menneske mista livet.[4]

Ingen mista livet i utbrotet i 1984 etter at meir enn 73 000 innbyggjarar vart evakuerte frå dei trua områda.

Pyroklastiske straumar tok livet av 77 menneske, hovudsakleg bønder, under eit utbrot i 1993.

Eit utbrot som varte frå juli til oktober 2006 gjekk òg over utan at liv gjekk tapt. Regnvêr i samband med tyfonen Durian førte derimot til laharar i november 2006. Jordrasa dette medførte tok livet av 1000 menneske og dekte det meste av landsbyen Padang med gjørme.[8].

Den 10. august 2008 skjedde det ein eksplosjon på toppen som sende oske 200 meter over toppen.[7]

10. juli 2009 starta Mayon å røre på seg att. Fleire svake skjelv vart då registrerte. 28. oktober 2009 oppstod ein mindre eksplosjon på toppen av vulkanen. Brun oske vart sendt 600 meter over krateret og dreiv nordaustover. 11. november oppstod ein ny eksplosjon. 14. desember 2009 vart det registrert 83 jordskjelv på 24 timar[9] og utsleppet av svoveldioksid auka. Phivolcs heva då farenivået til nivå 3.[10]. Morgonen etter starta oske å stige opp frå krateret og lava strøymde roleg ut av vulkanen og ned til om lag 500 meter frå toppen.[11] Styresmaktene starta då å evakuere innbyggjarane som budde opp til 8 km frå vulkanen.[12][13] Fleire eksplosjonar følgde dei neste dagane og 21. desember heva Phivolcs farenivået til nivå 4, som tydde at dei venta eit farleg eksplosivt utbrot i løpet av få dagar.[1]. Svoveldioksidutsleppa og talet på oskeeksplosjonar auka dei neste dagane. 25. desember 2009 vart det registrert 96 oskeeksplosjonar med oskeskyer opp til 2000 meters høgd, samt 871 vulkanske jordskjelv.[14] Det kom ikkje noko større utbrot, vulkanen roa seg noko og 2. januar 2010 vart farenivået senka til nivå 3 og folk fekk byrje å flytte attende til heimane sine.

Gallery[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mayon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Mayon Volcano Bulletin 10». Philippine Institute of Volcanology and Seismology. 23. desember 2009. http://www.phivolcs.dost.gov.ph/index.php?option=com_content&task=view&id=266&Itemid=1. 
  2. England, Vaudine (2009-12-24). «Mount Mayon: a tale of love and destruction». BBC News. http://news.bbc.co.uk/2/hi/asia-pacific/8427922.stm. 
  3. «Volcano spews lava as eruption looms». CNN World. 2009-12-22. http://www.cnn.com/2009/WORLD/asiapcf/12/22/volcano.philippines/index.html. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Davis, Lee (1992). Natural disasters: from the Black Plague to the eruption of Mt. Pinatubo. New York, NY: Facts on File Inc.. ss. 300–301. 
  5. «Mayon Volcano, Philippines». Philippines Department of Tourism. Volcano.und.edu. Arkivert frå originalen den 2007-10-12. http://web.archive.org/web/20071012025231/http://volcano.und.edu/vwdocs/current_volcs/philippines/mayonvol.html. 
  6. «Mayon Volcano». Philippine Institute of Volcanology and Seismology. http://volcano.phivolcs.dost.gov.ph/update_VMEPD/Volcano/VolcanoList/mayon.htm. 
  7. 7,0 7,1 «Mayon Volcano Advisory». Philippine Institute of Volcanology and Seismology. 2008-08-10. http://www.phivolcs.dost.gov.ph/index.php?option=com_content&task=view&id=68&Itemid=26. 
  8. Typhoon sends red-hot boulders into villages - CNN.com
  9. Papa, Alcuin (2009-12-15). «6-7 kms from Mayon volcano off limits to people». Philippine Daily Inquirer. http://inquirer.net/specialreports/volcanomonitor/view.php?db=1&article=20091215-242177. 
  10. «Lava flows from Mayon Volcano». ABS-CBN News. 2009-12-15. http://www.abs-cbnnews.com/nation/regions/12/14/09/lava-flows-mayon-volcano. 
  11. «Mayon Volcano Bulletin 3». Philippine Institute of Volcanology and Seismology. 2009-12-16. http://www.phivolcs.dost.gov.ph/index.php?option=com_content&task=view&id=255&Itemid=1. 
  12. Gomez, Jim (2009-12-15). «20,000 evacuated as Philippine volcano oozes lava». Yahoo News. Arkivert frå originalen den 2009-12-16. http://web.archive.org/web/20091216142731/news.yahoo.com/s/ap/20091215/ap_on_re_as/as_philippines_volcano. 
  13. «Residents flee as Philippines volcano threatens to erupt». CNN World. 2009-12-15. http://www.cnn.com/2009/WORLD/asiapcf/12/15/philippines.volcano.mayon/index.html. 
  14. «Mayon Volcano Bulletin 12». Philippine Institute of Volcanology and Seismology. 2009-12-25. http://www.phivolcs.dost.gov.ph/index.php?option=com_content&task=view&id=274&Itemid=1. Henta 2009-12-25.