Mbanza Kongo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
M'banza-Kongo
Horisonten til Mbanza Kongo
Horisonten til Mbanza Kongo
Byvåpenet til Mbanza Kongo
Styresmakter
Land Angola
Geografi
Flatevidd 0,622 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)

67600
Koordinatar 6°16′″S 14°15′″EKoordinatar: 6°16′″S 14°15′″E
Høgd over havet 408 m
Tidssone UTC +1 (UTC1)

Mbanza Kongo var hovudstad i kongeriket Kongo i Afrika. Byen låg 300 km sør for Kongofloden, på eit høgdedrag som i dag ligg like innanfor den angolanske sida av grensa mellom DR Kongo og Angola. Mbanza Congo er i dag ein av dei større byane i Angola.

Manikongoen hadde setet sitt i byen, og namnet Mbanza tyder «hoff». Ei segn fortel at byen, som riket, blei grunnlagd av Ntinu Lukeni, også kalla Wene, ein høvdingson frå Vungu etter at han kryssa elva Nzadi. Fleire grunnleggjingsforteljingar frå andre bantufolk har ei liknande handlingsrekkje.

Den første europearen som vitja byen var portugisiske Diogo Cao i 1483. Dei to rika oppretta diplomatiske band og handelsforbindelsar. Men tilhøvet blei mindre og mindre likeverdig ettersom slavehandel svekka Kongoriket. Portugisarane gjorde det sidan til ein koloni og døypte byen om til São Salvador.

Då europearar først kom dit skal han ha hatt 60 000–100 000 innbyggjarar. Ei reiseskildring frå byen i 1678 skildra han som ein forlaten ruin der elefantane herska i gatene.