Mednyj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mednyj (russisk о́стров Ме́дный), stundom kalla Koparøya, er den nest største øya (etter Beringøya) i Kommandørøyane aust for Russland. Dei andre øyane i øygruppa er langt mindre.

Øya vart ikkje busett før tidleg på 1900-talet då aleutarar kom frå Attu Island i Aleutane til Mednyj.

Øya er 56 km lang og mellom 5 og 7 km brei. Ho har eit areal på 186 km². Det høgaste punktet på øya er 640 meter over havet. Den årlege middeltemperaturen er 2,8 °C. Om lag 100 meter nordvest for øya ligg Beversteinane (Бобровые камни på Russisk), to småøyar som er knytt saman av eit eid og som har ei total lengd på 1 km.

Øya vart utforska av Vitus Bering under ekspedisjonen hans i 1741. Mot slutten av 1800-talet vart busetnaden Preobrazjenskij grunnlagd av aleutarane som flytta hit frå Attu Island.

I 1867 var øya ein del av salet av Alaska til USA, men Russland heldt seinare på kontrollen over øya. I 1970 vart alle innbyggjarane på øya flytta til naboøya Beringøya. Fram til 2001 var det ein militær grensepost på øya og sidan den gong har øya vore utan innbyggjarar. Kvart år vert det halde vitskaplege undersøkingar av dyre- og plantelivet på øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]