Diomedesøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av Beringsundet med Diomedesøyane i midten
Vesle Diomedesøya (til venstre) og Store Diomedesøya
Satellittbilete (i falske fargar) av Diomedesøyane

Diomedesøyane (russisk острова Диомида eller ostrová Diomída, òg kalla острова Гвоздёва eller ostrová Gvozdjova, «Gvozdjovøyane»), er to steinete tuyaøyar. Dei ligg på grensa mellom Russland og USA (Alaska). Store Diomedes høyrer til Tsukotka i Russland og vert òg kalla Imaqliq, Nunarbuk eller Ratmanovøya. Vesle Diomedes høyrer til Alaska i USA og vert òg kalla Krusenstern Island eller Inaliq. Dei ligg midt i Beringsundet mellom Alaska i USA og Sibir i Russland. Tsjutsjarhavet i nord og Beringhavet i sør.

Øyane ligg både på tvers av landegrensa mellom dei to landa og den internasjonale datolinja, som er om lag 1 km frå begge øyar. På det næraste mellom dei to øyane er avstanden om lag 5 km. Den vesle busetnaden på Vesle Diomedes ligg på vestsida av øya.

Store Diomedes er det austlegaste punktet i Russland, og trass i at ho er den vestlegaste av dei to øyane vert plasseringa til øya rekna som aust på kartet. På same måte vert Vesle Diomedes, som ligg aust for Store Diomedes, rekna som vest på kartet. Denne forvirringa mellom aust og vest har opphav i at 180°-meridianen går i nærleiken av dei to øyane. Av geografiske og politiske årsaker vert Store Diomedes rekna som ein del av det vi kallar den austlege verda, sjølv om ho ligg på 169 grader vest. Attu Island i Aleutane ligg enno lenger vest enn Vesle Diomedes og vert rekna som det vestlegaste punktet i verda, sjølv om ho ligg på 173 grader aust.

15 km søraustover ligg Fairway Rock, som vanlegvis ikkje vert rekna som ein del av Diomedesøyane.

Diomedesøyane vert ofte nemnd som ein del av eit bru- eller tunnelprosjekt over Beringsundet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første europearane som kom til øyane var den russiske utforskaren Semjon Dezjnev i 1648. Vitus Bering, ein dansk sjøfarar i russisk teneste, gjenoppdaga øyane 16. august 1728, dagen då den russisk-ortodokse kyrkja feirar minnedagen til martyren St. Diomedes og derfor namnet på øyane. I 1732 teikna den russiske geodeten Mikhail Gvozdev øyane inn på eit kart og slik fekk dei det alternative russiske namnet.

I avtalen for amerikanarane sitt kjøp av Alaska i 1867 vert øyane nytta som grensa mellom dei to nasjonane. Grensa går midt mellom dei to øyane og «held fram nordover i Nordishavet til ho forsvinn fullstendig».

Sidan den internasjonale datolinja går mellom dei to øyane kan ein frå Alaska sjå inn i «morgondagen» i Russland.

Under den kalde krigen var sundet grensa mellom USA og Sovjetunionen og vart kjend som Isteppet. I 1987 symde Lynne Cox frå den eine øya til den andre og vart gratulert samstundes av både Ronald Reagan and Mikhail Gorbatsjov.

Store Diomedes var tradisjonelt den austlegaste landmassen før Den internasjonale datolinja vart oppretta, og var derfor den første landmassen som gjekk inn i eit nytt år, om ein nytta lokal soltid. Når ein nyttar offisiell tid har store område aust i Russland, i tillegg til New Zealand, den same tidssona. Etter 1995 vert delar av Kiribati rekna som lenger aust, fordi den internasjonale datolinja no går aust for dei, og i ei høgare tidssone (UTC+14).

Store Diomedes er i dag fråflytta. Dei motte flytte til fastlandet for å unngå kontakt på tvers av landegrensa. Vesle Diomdes har 170 innbyggjarar som består av inupiat eskimoar.[1] Landsbyen der har ein skule og ein butikk. Posten vert levert av helikopter, men er avhengig av godt vêr.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 65°47′N 169°01′W