Mellomfransk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mellomfransk tekst på tittelbladet av Les Hermaphrodites frå 1605. Teksten lyd:

Ie ne ſuis masle ny femelle
Et ſi ie ſuis bien ceruelle
Lequel des deux ie doibs choiſir
Mais qu’importe à qui on reſſamble
Il vault mieulx les avoir enſemble
On en reçoit double plaiſir.

Mellomfransk er eit trinn i fransk språkutvikling som fann stad frå 1300-talet til rundt 1600. Det var ein overgangsperiode frå gammalfransk der fransk skilde seg klart frå andre oïl-språk. Språket fekk ein offisiell status i Frankrike til fordel for latin, frankoprovençalsk, oksitansk og dei andre oïl-språka, og blei utvikla som litterært språk.

Under denne språkperioden forsvann kasus heilt frå språket. Det tidlegare skiljet mellom nominativ og oblik forsvann, og fleirtal blei berre markert med ein -s. Dette medførte at ordrekkjefølgje i setningar blei viktigare og meir fastlagd.

Diftongar blei forenkla, til dømes blei /oi/ til /we/.[1] Schwalyden [ɘ] forsvann etter vokalar, først inne i ord, seinare i slutten.[2] Ein byrja også å utelata endekonsonantar frå uttalen.

Skriftspråket endra seg til ein viss grad for å spegla endringane i talespråket, men hang gjerne etter. Ein finn gjerne ei rekkje ulike grammatiske former og stavemåtar i tekstar frå denne tida. Det var under den mellomfranske perioden at ein gav ut den første franske grammatikkboka. I 1539 kom Robert Estienne si fransk-latinske ordbok ut, og latin blei forbode ved domstolane. Fransk fekk eit større domene då det også blei teke i bruk innan vitskapleg arbeid og som litterært språk. Det fekk eit nytt ordtilfang gjennom lånord og nyord frå latin, italiensk og ein del andre språk, som engelsk, spansk og tysk. Også rettskrivinga generelt blei noko latinisert.

Den mellomfranske perioden fall saman med renessansen. Språket blei brukt av forfattarane Villon, Marot, Rabelais, Montaigne, Ronsard og Pléiade-diktarane. Pléiade-verket Défense et illustration de la langue française (1549) framheva fransk som eit litterært språk som kunne forhøgast gjennom etterlikning av litteratur frå antikken. Det blei også gjort mange omsetjingar frå klassiske verk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Zsuzsanna Fagyal, Douglas Kibbee, Fred Jenkins (2006), French: a linguistic introduction, Cambridge University Press, http://books.google.co.uk/books?id=4yTA6SvGuekC&lpg=PA250&ots=wDAfLpBkpe&dq=%22middle%20french%22%20diphthong&pg=PA250#v=onepage&q=%22middle%20french%22%20diphthong&f=false 
  2. Wendy Ayres-Bennett (1996), A history of the French language through texts, Routledge