Nominativ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nominativ eller nemnefall er eit grammatisk kasus, det sentrale bruksområdet til nominativ er å skilje subjektet frå objektet i setninga. I språk med små kasussystem (t.d. berre nominativ og akkusativ) blir nominativ brukt til å markere subjektet og subjektspredikativet, og akkusativ blir brukt til dei fleste andre syntaktiske funksjonar.

Nominativ i norsk[endre | endre wikiteksten]

Norsk har kasusdistinksjon berre for pronomen, der nominativformer er eg, du, vi, de, til skilnad frå akkusativformene meg, deg, oss, dykk. Visse former for norsk har også kasusskilnad for tredje person.