Mellomnorsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Millomnorsk».

Mellomnorsk er ei nemning brukt i norsk språkhistorie om språkforma som kom mellom norrønt og moderne norsk. Det blei tala i slutten av den norske mellomalderen.

Det mellomnorske språktrinnet byrja rundt Svartedauden (1349), då målet ein snakka i Noreg hadde teke til å endre seg ganske kraftig frå den klassiske norrøne grammatikken. Ein reknar at mellomnorsk gradvis blei avløyst av moderne norsk rundt reformasjonen (1536) eller i løpet av 1500-talet.

Språket etter 1600 er stort sett forståeleg for nordmenn i dag, medan mellomnorsk gjerne inneheld for mange gamle ord og uttrykk, pluss at grammatikken byggjer på ein del prinsipp som ikkje lenger er i bruk i norsk. Til dømes var det i den mellomnorske perioden at kasusa stort sett forsvann frå det norske språket, likeins tal- og personbøying av verb.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.