Svartedauden
Svartedauden er ei nemning på ein pestsjukdom som herja i Europa i tida frå 1347 til 1351. I tida før hadde sjukdomen herja i Asia. Svartedauden kom eigentleg til Noreg i 1348.[1] Det var eit lite, isolert utbrot i Oslo, som den gongen var ein utkant. I 1349 kom pesten med eit handelsskip til Bjørgvin (Bergen), og spreidde seg utover landet. Ein reknar med at pesten førde til at folketalet i Noreg gjekk ned til kring halvdelen. I fleire bygdelag skal det berre ha vore eitt eller to menneske som overlevde.
Mange segner er knytte til Svartedauden, og temaet har vore mykje brukt i verdslitteraturen. Eit norsk døme er forteljinga om Jostedalsrypa, som Torill Thorstad Hauger utbroderte i ungdomsboka Det kom eit skip til Bjørgvin i 1349. Boka fekk Norsk litteraturkritikerlags barnebokpris i 1980.
[endre] Referansar
[endre] Bakgrunnsstoff
- Svartedauden Teikningar av Theodor Kittelsen
- Svartedauden Riksarkivet