Metroid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Metroid
Metroid Logo 2.png
Sjanger Action-eventyr
Utviklar Nintendo (R&D1/Intelligent Systems,
Retro Studios, NST), Fuse Games,
Team Ninja
Utgjevar Nintendo
Fyrste spel Metroid (1988)
Siste spel Metroid: Other M (2010)
Nettstad www.metroid.com

Metroid er ein serie action-eventyrdataspel med ein science-fiction setting, som er skapa av Makoto Kano og Hiroji Kiyotake og i hovudsak produsert av Nintendo.[1] Serien handlar om oppdraga til dusørjegeren Samus Aran, som skal verne galaksen mot rompiratar (en: Space Pirates) og forsøka deira på å misbruke kreftene til metroidane. Metroid har merkt seg ut med å ha ein av dei fyrste kvinnelege protagonistane i eit dataspel og for å ikkje ha ein lineær speloppbygnad. Serien kombinerer plattformelement frå Super Mario Bros. og utforskinga frå The Legend of Zelda, men med ein mørkare atmosfære.[1]

I dag utgjer Metroid-serien elleve spel som spanar dei fleste Nintendo-konsollane, frå Nintendo Entertainment System til Wii. Han er rekna som ein av dei mest populære seriane til Nintendo med om lag 16 millionar selde spel, og spela i serien har oftast fått gode kritikkar.[1] Samus Aran er med i fleire andre Nintendo-produserte spel, i tillegg til andre figurar som Mother Brain og Ridley. Nintendo har òg gjort fleire Metroid-spel om til manga.

Namnet «Metroid» er eit samantrekt ord av orda metro (som i tunnelbane) og android, og var meint å spele på settinga i det fyrste spelet som gjekk føre seg under bakken i tunnelliknande omgjevnader, i tillegg at hovudpersonen liknar ein robot.[2]

Speloppbygnad[endre | endre wikiteksten]

Ein cosplayer kledd ut som Samus i drakta Zero Suit.

Metroid-serien inneheld element frå skytespel, plattformspel og eventyrspel.[1] Serien er kjent for å ha ein ikkje-lineær progresjon og einsleg utforsking der spelaren berre kontrollerer Samus Aran, med få eller ingen karakterar tilgjengelege for samhandling. Serien har tradisjonelt vore siderullande i 2D-perspektiv fram til Metroid Prime-serien endra perspektivet til fyrsteperson, som førde til at spelet var endra til å inkludere element frå fyrstepersons skytespel. Spelaren får tak i utstyr og oppgraderingar til den kybernetiske drakta til Samus gjennom å nedkjempe romvesen i sanntid med armkanonen hennar, og det nye utstyret gjer oftast at ein kan utforske nye område i spela.[1][3] Ei tilbakevendande oppgradering er Morph Ball, som lèt Samus rulle seg saman til ein ball, komme seg inn i smale område og leggje ut bomber.[1]

Det fyrste Metroid-spelet lånte kjente element frå to andre Nintendo-seriar: Plattformhopping frå Mario-spela, og den ikkje-lineære utforskinga frå The Legend of Zelda, men skilde seg ut med ein meir einsam og illevarslande atmosfære.[1] Metroid var også eitt av dei fyrste dataspela der spelaren kunne navigere figuren både mot høgre og mot venstre, i tillegg til å gå tilbake til tidlegare område for å finne skjulte utstyr og snarvegar.[4] Metroid Prime 3: Corruption er det fyrste spelet i Metroid-serien som gjer full bruk av stemmeskodespel, men Samus held fram med å vere ein taus protagonist fram til Metroid: Other M. Handlinga vert lite forklart i dei fyrste Metroid-spela, men dette har endra seg gradvis ettersom bakgrunnshistorie vart introdusert i opningscena i Super Metroid med forteljarstemma der, og i Prime-serien der ein kan skanne omgjevnadene for informasjon.[5]

Metroid-spela har vore populære å gjere «speedruns» av, som går ut på å klare spelet raskast mogleg, sidan spelet ofte lønnar ein med ein betre slutt dess raskare ein klarar det.[1] Metroid hadde fem ulike sluttscener etter kor raskt spelaren fullførte spelet, eit oppsett som var nytt på den tida.[1] Super Metroid er rekna som eitt av dei mest populære spela å gjere speedruns av, mellom anna grunna ikkje-lineær design som tillèt bryting av sekvensar ved å bruke skjulte passasjar og andre knep for å komme fortare fram.[4][6] Det fyrste Metroid introduserte utfordringa der ein har tre minuttar på seg til å sleppe unna anten ein planet eller eit skip som er i ferd med å destruere seg sjølv, og sekvensar av den typen går igjen i fleire spel i serien.[1] Prime-trilogien fokuserte derimot meir på utforsking, og dei beste sluttscenene i Prime-spela fekk ein ikkje ved å klare spelet raskt, men ved å samle mest mogleg ekstrautstyr. Dette innebar at ein god del tid gjekk i tilbaketrasking og utforsking, i motsetning til 2D-spela, der spelaren måtte hoppe over område for å få den beste slutten.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Spelutgjevingar etter år
 
1986– Metroid
1987–
1988–
1989–
1990–
1991– – Metroid II: The Return of Samus
1992–
1993–
1994– Super Metroid
1995–
1996–
1997–
1998–
1999–
2000–
2001–
2002– Metroid Fusion
Metroid Prime
2003–
2004– Metroid: Zero Mission
Metroid Prime 2: Echoes
2005– – Metroid Prime Pinball
2006– – Metroid Prime Hunters
2007– Metroid Prime 3: Corruption
2008–
2009– – Metroid Prime: Trilogy
2010– Metroid: Other M

På midten av 1980-talet byrja Research & Development 1-gruppa til Nintendo ei samtidig utvikling av to spel for Famicom Disk System, Kid Icarus og Metroid. Dei to spela vart gjevne ut same dag i 1986, og hadde felles at dei vart utvikla av same produsent og inneheldt liknande element, som eit passordsystem for å kunne ta opp spelet att der ein slutta.[4][7]

Metroid II: Return of Samus vart gjeve ut på Game Boy i 1992 i Japan og Europa. Det var det fyrste spelet i Metroid-serien der den Europeiske utgåva hadde med eit system for lagring, som lét spelaren lagre framgangen på tre ulike filer. Metroid II gav òg grunnlag for den noverande utsjånaden til Samus Aran og Power Suiten hennar, nemleg den noko klumpete utsjånaden til oppgraderinga «Varia Suit» og det visuelle skilet mellom «Stråle-» og «Missil-modus» på armkanonen til Aran.

Yoshio Sakamoto byrja planlegginga av konsepta for Super Metroid tidleg i 1990, men laget hans var oppteke med å utvikle eit anna spel. Utviklarar frå Intelligent Systems vart derfor hyra for å hjelpe til med utviklinga av spelet.[8] Etter at Super Metroid vart gjeve ut, tok det åtte år før ein oppfylgjar kom i Metroid-serien. Ein tittel utvikla for Nintendo 64 vart drøfta i løpet av perioden, men Nintendo «kunne ikkje komme med nokre konkrete idear».[9] I 1999 vart Retro Studios, eit studio frå Austin i Texas, hyra for å jobbe med prosjektet Metroid Prime. Det var eitt av få tilfelle der Nintendo overførte utviklinga av ein Nintendo-eigd stortittel til eit studio basert utanfor Japan.[10] Etter at spelet vart ein storseljar på Nintendo GameCube vart studioet gjeve løyve til å skape ein trilogi.[1]

Ein ny Metroid-tittel vart annonsert under E3-messa i 2009, titulert Metroid: Other M. Spelet var utvikla i samarbeid med Team Ninja og direktør Yoshio Sakamoto. Other M vart gjeve ut på Wii i september 2003.[11] Sakamoto roste Team Ninja for arbeidet med tittelen og viste interesse i å arbeide med dei på nytt, men sa at han ikkje har nokre idear for nye spel i Metroid-serien.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 Rus McLaughlin (24. august 2007). «IGN Presents The History of Metroid». IGN. http://games.ign.com/articles/815/815011p1.html. Henta 17. februar 2008. 
  2. Game Center CX (Fuji TV show)
  3. GamePro Staff (11. juli 2006). «Feature: The 10-Best Video-Game Franchises». GamePro. http://www.gamepro.com/article/features/71888/the-10-best-video-game-franchises/. Henta 26. februar 2008. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Gametrailers Staff (25. juli 2007). «The Metroid Retrospective Part 1». GameTrailers. http://www.gametrailers.com/video/part-1-the-metroid/22771. Henta 30. mars 2008. 
  5. IGN Staff (14. oktober 2004). «A Space Bounty Hunter's Arsenal». IGN. http://cube.ign.com/articles/557/557284p1.html. Henta 26. februar 2008. 
  6. Lucas M. Thomas (20. august 2007). «Super Metroid Review». IGN. http://wii.ign.com/articles/813/813952p1.html. Henta 26. februar 2008. 
  7. William Cassidy (14. september 2003). «Hall of Fame: Kid Icarus». GameSpy. http://www.gamespy.com/articles/488/488733p1.html. Henta 19. marsk 2008. 
  8. «Super Metroid». N-Sider. 1. januar 2007. http://www.n-sider.com/gameview.php?gameid=112&view=dev. Henta 19. mars 2008. 
  9. «Metroid Prime Roundtable QA». IGN. 15. november 2002. http://cube.ign.com/articles/377/377563p2.html. Henta 20. februar 2008. 
  10. IGN Staff (11. novmber 2002). «Quotes from Metroid Prime Roundtable». IGN. http://cube.ign.com/articles/377/377001p1.html. Henta 17. februar 2008. 
  11. «Metroid Other M Preview for the Wii». 3. juni 2009. http://www.1up.com/do/previewPage?pager.offset=0&cId=3174587&p=44. Henta 2009-06-03. 
  12. Pakinkis, Tom (6. september 2010). «Wii Interview: Metroid: Other M». Computer and Video Games. http://www.computerandvideogames.com/article.php?id=263225. Henta 13. september 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]