Michael Des Barres

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Michael Philip Des Barres, Marquis Des Barres (fødd 24. januar 1948) er ein engelsk skodespelar og musikar. I Noreg er han mest kjend som karakteren Murdoc i TV-serien MacGyver. Des Barres har vore vokalist i glamrock-bandet Silverhead frå 1972 til 1974. Han danna bandet Detective saman med Michael Monarch i 1975. Des Barres fekk også opptre saman med bandet Power Station under Live Aid-konserten i Philadelphia i 1985.

Tidleg på 1990-talet vart Des Barres invitert av Roger Taylor, John Deacon og Brian May for å etterfølgje Freddie Mercury som hovudsongar i gruppa Queen. Des Barres takka nei, då han meinte at han sjølv ikkje var den rette typen til å erstatte Freddie Mercury.

Des Barres har spelt i fleire TV-seriar, mellom anna Frasier, Ellen, Nip/Tuck, Bones. Til saman har han spelt i over 30 filmar, og i over 100 TV-serie episodar.

Michael Des Barres og ekskona Pamela Des Barres har ein son, Nicholas Dean Des Barres (fødd 30. september 1978).