Freddie Mercury

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Freddie Mercury

Freddie Mercury (5. september 194624. november 1991), opphavleg Farrokh Bulsara, var ein britisk parsisk musikar og låtskrivar som er best kjend som vokalisten og hovudmannen i det britiske storseljande rockebandet Queen.

Mercury var fødd i Zanzibar og voks opp i India, men flytta med familien til England i 1964. Han er rekna som ein innverknadsrik musikar, og var den første britiske rockestjerna av asiatisk opphav. Mercury skreiv fleire internasjonale slagerar, mellom anna «Bohemian Rhapsody», «Killer Queen», «Somebody to Love», «Don't Stop Me Now», «Crazy Little Thing Called Love» og «We Are the Champions». Han hadde også ein solokarriere og var gjestemusikar og produsent for andre musikarar.

Statue av Freddie Mercury i Montreux.

Mercury var kjend for energiske, utagerande konsertopptredenar, og spelte saman med Queen over 700 store konsertar over heile verda. Privat var han derimot tilbakehalden og sjenert overfor framande.

Freddie Mercury døydde av lungebetennelse forårsaka av HIV/AIDS i 1991, éin dag etter at han let det bli kjend at han var smitta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Freddie Mercury
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.