Queen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Queen opptrer i Rio de Janeiro i 1985.
Queen
Opphav England
Sjanger Glam-rock
Aktive år 1968
Medlemmer
Brian May/Roger Taylor/(Paul Rodgers)
Tidlegare medlemmer
Freddie Mercury (vokal/piano) (1970-1991 (døydde))
John Deacon (bassgitar) (1971-1996)
Tim Staffel (vokal/bassgitar) (1968-1970 (blei erstatta av Freddie Mercury i 1970.))

Queen er eit britisk rockeband som hadde si glanstid på 1970-talet og 1980-talet. Bandet er spesielt kjende for sportssongar og klassiske rockesongar, spesielt hitane «We Are the Champions» og «Bohemian Rhapsody». «Bohemian Rhapsody» blei utgitt i 1975, promotert av tidenes første suksessfulle musikkvideoar. Denne songen blei også gitt ut i 1992 takka vere filmen Wayne's World. Queen er kjende som pionerar innan tungmetall, glam-rock og stadion-rock, og har selt over 300 millionar plater over heile verda. Bandet har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Queen kan sporast tilbake til 1968, da gitaristen Brian May og trommeslagaren Roger Taylor var medlemmer av trioen Smile. Etter at gruppa sin bassist og frontfigur Tim Staffell slutta våren 1970, fekk dei med seg vokalisten Freddie Mercury i april 1970 og danna Queen. I 1971 kom det siste medlemmet til, John Deacon, etter at han hadde sett ei annonse om at bandet trong ein bassist.

Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

Musikkutøvinga til Freddie Mercury er blitt foreviga i ein statue i Montreux.

Sjølv om Freddie Mercury vanlegvis stod i sentrum for merksemda, skreiv alle fire medlemmene av Queen store hittar:

Dei fleste av Queen sine plater hadde minst éin song av kvart medlem, og sjølv om Mercury stod for mange av gruppas store hittar, var han på ingen måte dominerande som låtskrivar: alle såg kvarandre som kreativt likeverdige, og den litt stille bassisten John Deacon skreiv ein av deira største hittar, «Another One Bites the Dust». I seinare år var det vanleg at to, tre eller alle fire samarbeidde på songar, og etter usemje over kven som fekk æra for desse songane, blei dei einige om å berre setje «Queen» som låtskrivar i staden for det enkelte medlem (frå plata The Miracle og vidare).

Oppstart[endre | endre wikiteksten]

Brian May og Roger Taylor spelte i eit band kalla Smile med bassist/vokalist Tim Staffell. Freddie var Tim sin romkamerat på Ealing Arts College, og fylgde med på Smile sine øvingar og konsertar. På den tida var Freddie vokalist i andre band, som Wreckage og Ibex. Han var likevel ivrig til å meddele sine idear om kva for ein retning Smile burde ta. Etter kvart fann Tim Staffell ut at Smile ikkje gjekk nokon veg, og bestemte seg for å bli med i eit band kalla Humpy Bong. Freddie var rask til å steppe inn for Tim, og dei starta å leite etter ein bassist. Ein av dei første var Barry Mitchell. Det var ikkje før i 1972 at dei fann John Deacon og byrja å øve til si første plate, Queen.

Bortgangen til Freddie Mercury[endre | endre wikiteksten]

Queen hadde stor suksess gjennom heile syttitalet og åttitalet, og gav ut heile 12 studioalbum før 90-åra tok til. Plata Innuendo kom ut 5. februar 1991. Queen avstod frå turnéar på denne tida, og det gjekk rykte om at vokalisten Freddie Mercury hadde AIDS. Det vart stadig nekta for dette av bandmedlemene, men 23. november same året kom uttalinga frå Mercury sjølv om at han var smitta av AIDS. Mindre enn eit døgn etter uttalinga døydde han av lungebetennelse, av di immunforsvaret hans ikkje lenger kunne verna seg mot slike sjukdommar.

Mercury hadde ei privat gravferd, men 20. april 1992 vart det halde ein minnekonsert for Freddie MercuryWembley Stadion der mange kjende artistar deltok for å gje han ei siste helsing.

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

Queen gav ut berre éi studioplate til, etter dette; Made in Heaven frå 1995. Plata er laga av Brian May, John Deacon og Roger Taylor, og inneheld opptak av songstemma til Freddie Mercury. Coveret til Made in Heaven syner Freddie Mercury-statuen som vart laga i Montreux i Sveits. Queen vart likevel aldri oppløyst, og dei reiser framleis på turnéar, ofte med gjestevokalistar.

I 2002 opna Queen rockemusikalen We Will Rock You, som har vorte framført i fleire land, også i Noreg. Musikalen vart skriven av Brian May og Roger Taylor i samarbeid med Ben Elton.

Diskografi av studioplater[endre | endre wikiteksten]

  • Queen (1973)
  • Queen II (1974)
  • Sheer Heart Attack (1974)
  • A Night at the Opera (1975)
  • A Day at the Races (1976)
  • News of the World (1977)
  • Jazz (1978)
  • The Game (1980)
  • Hot Space (1982)
  • The Works (1984)
  • A Kind of Magic (1986)
  • The Miracle (1989)
  • Innuendo (1991)
  • Made in Heaven (1995)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]