Middagsmat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dinner at Crisso. Gresk middag på 1820-talet skildra av Edward Dodwell.

Middag, middagsmat eller middagsmål(tid) er eit hovudmåltid ein kan eta midt på dagen (tidspunktet middag), om ettermiddagen eller kvelden. Middag er som regel eit mettande, varmt måltid samansett av fleire matslag. Ved nokre høve kan det omfatta fleire rettar, som forrett, hovudrett og dessert. Non eller nonsmat er eit anna tradisjonelt norsk namn på dette måltidet.

Middag kan vera eit samlande måltid der familiar, hushald eller kjente kjem saman og et. Det kan også vera fokus for eit høgtideleg selskap som middagsselskap, fest- eller gallamiddag.

Føremiddagsmat eller lunsj er eit måltid ein har tidlegare på dagen som også kan ha varm mat.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]