Måltid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Engelsk måltid: Lam med potetstappe og salat.
Foto: SpaceMonkey

Eit måltid, eller eit mål, er ei mengd tillaga mat, gjerne eten i lag til faste tider. Ordet mål kjem frå norrønt mál og har samanheng med at maten vert eten til faste, tilmålte tider. Jf. òg engelsk meal og tysk Mahl. Ordet mâltîð vart lånt inn i norsk frå plattysk mâltît allereie i mellomalderen, og tyder det same som mål i denne samanhengen.

Måltida er ein av dei viktigaste kulturberarane, og ulike kulturar har sine måltid. I mellomalderen åt folk i Noreg to mål — dagverðr før dei tok fatt på arbeidet (eller etter den første økta) og nâttverðr når arbeidsdagen var slutt. Språkleg finn vi desse måla att i orda dugurd og nattverd, men orda har fått nye tydingar. Eit måltid som tilsvarer middag er kjent frå slutten av mellomalderen; dagverden vart då eit lettare morgonmåltid.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mellomaldermåltid i Canterbury Tales.

Mål i norsk bygdekultur[endre | endre wikiteksten]

I bygdekulturen vart tida mellom måla kalla for økter, og måla var tilpassa arbeidsdagen. Måla ville derfor variere gjennom året – vinterstid, når dagane var stutte og det var lite arbeid dei kunne gjere, ville det vere rein matøyding å stå for tidleg opp om morgonen.

Fram mot vår tid har folk hatt desse måla:

  • Åbit; ei første mattugge om morgonen, gjerne før fjøstid.
  • Frukost; det første hovudmålet.
  • Dugurd eller durmål; eit mellommål dei åt mellom frukost og middag sommarstid, når arbeidsdagane var på det lengste.
  • Middag; koka mat som dei åt midt på dagen.
  • Non eller nonsmat; eit mellommål mellom middag og kveld.
  • Kveldsmat; eit matmål dei hadde når arbeidsdagen var slutt. Graut og mjølkesuppe var typisk kveldsmat.

Måltid i moderne norsk kultur[endre | endre wikiteksten]

Folk har ulike arbeidstider og ulik familiestruktur, slik at det ikkje lenger er noko måltid som alltid samlar alle dei som bur i lag i ein familie. Middagen er truleg det måltidet flest er samla om.

Elles er mellommåla typiske for den moderne matkulturen. Her er kaffien ein kulturberar. Nikaffien og tokaffien er viktige på mange arbeidsplassar, og ettermiddagskaffien eller kveldskaffien kan samle fleire familiemedlem enn noko hovudmåltid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Falk og Torp 1903: Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog
  • Reidar Svare (1973): Frå gamal tid - tru og tradisjon i Vefsn Bygdebok, særbind II.
  • Ingvild Øye (2002): «Landbruk under press 800 - 1350» i Noregs Landbrukshistorie (Samlaget)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Måltid
Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.