Mikroorganisme
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikroorganismar også kalla mikrobar er små organismar som normalt berre er synleg i mikroskop. Mikrobar av ulike slag kan tåla store fysiokjemiske påkjenningar, slik som svært høgt trykk, temperaturar over 100 °C, pH 1–12 og saltkonsentrasjonar 0–30 %.
Mikrobane er heilt nødvendige for å oppretthalda dei biologiske prosessane i naturen.
Læra om mikroorganismar vert kalla mikrobiologi. Døme på mikroorganismar er bakteriar, arkar, algar, sopp og protozoar.