Miley Cyrus
| Miley Cyrus | |
Miley Cyrus (2010) |
|
| Fødenamn | Destiny Hope Cyrus |
| Verkeleg namn | Miley Ray Cyrus |
| Alias | Miley Cyrus |
| Fødd | 23. november 1992, Nashville i Tennessee i USA |
| Aktive år | 2003 - idag |
| Yrke | Songar Skodespelar |
| Tilknytte artistar | Kevin Jonas Joe Jonas Nick Jonas Billy Ray Cyrus |
Miley Ray Cyrus (fødd Destiny Hope Cyrus, 23. november 1992) er ein amerikansk songar og skodespelar. Ho har hovudrolla i Disney Channel-serien Hannah Montana.
Miley Cyrus er dottera til songaren og skodespelaren Billy Ray Cyrus, som også speler faren hennar i serien Hannah Montana. Miley er fødd i Nashville i Tennessee og voks opp i Franklin. Ho har fleire sysken. Miley Cyrus fekk kallenamnet «Smiley» for det stadige smilet sitt. Dette blei forenkla til Miley, som ho endra namnet sitt til 1. mai 2008.
I tillegg til Hannah Montana var Cyrus også med i Disney Channel Games i 2006 og 2007. Ho har dessutan gitt ut ei CD-plate i namnet til Hannah Montana. Plata inneheld alle dei kjende songane frå serien, i tillegg til ein ny song som ho syng saman med faren Billy Ray Cyrus. Ho har også gitt ut ei eiga CD-plate som vart lansert saman med andre sesongen av tv-serien, Meet Miley Cyrus.
Innhaldsliste |
Filmar[endre]
- 2003: Big Fish (Stymies kjærast)
- 2007: High School Musical 2 (dansande jente ved bassenget)
- 2008: Hannah Montana & Miley Cyrus: Best of Both Worlds Concert (seg sjølv)
- 2008: Bolt (stemmen til Penny)
- 2009: Hannah Montana: The Movie (Miley Stewart / Hannah Montana)
- 2010: The Last Song (Veronica "Ronnie" Miller)
- 2010: Sex and the City 2 (seg sjølv)
- 2011: LOL: Laugh Out Loud (Lola)
- 2011: Justin Bieber: Never Say Never (seg sjølv)
- 2012: So Undercover (Molly Morris/Brook Stonebridge)
TV-seriar[endre]
- 2001 - 2003: Doc (Kylie)
- 2006 - 2011: Hannah Montana (Miley Stewart / Hannah Montana)
- 2006: The Suite Life of Zack & Cody (Miley Stewart / Hannah Montana)
- 2007: The Replacements (stemmen til seg sjølv)
- 2007 - 2008: The Emperor's New School (stemmen til Yata)
- 2009: The Suite Life on Deck (Miley Stewart / Hannah Montana)
Utgjevingar[endre]
- Album
- 2007: Meet Miley Cyrus
- 2008: Breakout
- 2010: Can't Be Tamed
- EP
- 2009: The Time of Our Lives
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Miley Cyrus frå Wikipedia på bokmål.
Bakgrunnsstoff[endre]
- Nettstad for Miley Cyrus (mileycyrus.com)