Milo Đukanović
Milo Đukanović (Мило Ђукановић) (fødd 15. februar 1962 i Nikšić), er ein montenegrinsk politikar, og tidlegare president i Montenegro. Han tok til på den fjerde perioden sin som statsminister 4. desember 2012. Han var tidlegare statsminister i Montenegro frå februar 1991 til februar 1998, 2003 til 2006 og februar 2008 til desember 2010, og president i Montenegro frå januar 1998 til november 2002.
Đukanović var ein sterk forkjempar for sjølvstende for Montenegro, noko han oppnådde i juni 2006. I november same året gjekk han av som statsminister, sjølv om partiet hans nettopp hadde vunne parlamentsvalet. Han erklærte at han hadde fått nok av politikk, og ville prøva seg som forretningsmann. 31. januar 2008 gjekk etterfylgjaren hans, Željko Šturanović, av av helsegrunnar, og Đukanović kom tilbake som statsminister for ein tredje periode.
| Føregjengar Radoje Kontić |
Statsminister i Montenegro 1991–1998 |
Etterfylgjar Filip Vujanović |
| Føregjengar Filip Vujanović |
Statsminister i Montenegro 2003–2006 |
Etterfylgjar Željko Šturanović |
| Føregjengar Željko Šturanović |
Statsminister i Montenegro 2008–2010 |
Etterfylgjar Igor Lukšić |
| Føregjengar Igor Lukšić |
Statsminister i Montenegro 2012- |
Etterfylgjar |
| Føregjengar Momir Bulatović |
President i Montenegro 1998–2002 |
Etterfylgjar Filip Vujanović |