Mineralvatn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tysk mineralvatn

Mineralvatn er vatn som inneheld mineral eller andre oppløyste stoff som gir vatnet smak eller helsebringande effekt.

Alt naturleg vatn inneheld oppløyste salt og mineral, men mineralvatn har gjerne fleire av dei og er gjerne òg tilsett kolsyre. Mineralvatn kan ofte vera brusande.

Naturleg mineralvatn har sitt opphav i grunnvassreservoar og kjenneteiknast av god mikrobiologisk kvalitet, at det er naturleg i si form og av opphavleg tilstand. Desse eigenskapane er intakte fordi vatnet kjem frå grunnen og såleis er verna mot ureining.

Mineralvatn og brus[endre | endre wikiteksten]

Heilt sidan antikken har kolsyrehaldig vatn frå naturlege kjelder vore rekna som sunt og helsebringande. Vatnet i dei gjævaste mineralkjeldene inneheldt det folk meinte var ei livgivande syre, «acidum occultum», ei syre som sidan vart identifisert som kolsyre. Varmt, kolsyrehaldig grunnvatn har særleg stor evne til å løyse saltar frå berggrunnen. Folk la merke til at mineralkjeldene var velgjerande ved somme sjukdommar, og sidan folk har hang til å generalisere, meinte dei snart at vatnet måtte vere godt mot all slags sjukdom.

På 1600-talet byrja òg folk i Skandinavia å drikke mineralvatn som skulle bøte på stort sett alle slags lyter, ei oppfatning som heldt seg i drygt 250 år.

Etter kvart utvikla dei kolsyrehaldige drikkene seg frå medisin til tørsteslukkarar. Tidleg på 1900-talet kom brus på flasker i handelen, marknadsført under namnet «mineralvatn».

Brus og andre kolsyrehaldige leskedrikkar er ikkje mineralvatn, men blir ofte omtala som dette i daglegtale.

Naturleg mineralvatn med kolsyre har vorte ein trenddrikk gjennom 1990-talet.

Norske mineralvassmerke[endre | endre wikiteksten]

Kjende utanlandske vassmerke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]