Farris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Farris
Farris -
Stad Larvik (Vestfold); Porsgrunn, Siljan (Telemark)
Koordinatar 59°09′59″N 09°52′36″EKoordinatar: 59°09′59″N 09°52′36″E
Største lengde 20,5 km
Overflateareal 21,80 km²
Største djupne 131 m
Kystlengd1 107,07 km
Høgd over havet 22 moh
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Farris, òg kalla Farrisvatnet, er ein innsjø på grensa mellom fylka Vestfold og Telemark, hovudsakleg i Larvik kommune. Vestfold Interkommunale Vannverk leverer drikkevatn frå Farris og frå Eikeren. Sjøane er drikkevasskjelde for nær 170 000 menneske, hovudsakleg i Vestfold fylke. Innsjøen er 20,5 km lang. Farris er òg inntaksdam for Fritzøe kraftverk.

Mineralvatnet vert tappa frå ei grunnvasskjelde nedanfor Bøkeskogen, og har sitt opphav i regnvatn som vert filtrert gjennom morenemateriale.

Farrisvannet er geologisk ei fortsetjing av Larviksfjorden. Det store raet dannar eidet på tvers av den lange fjordstrukturen, og demmer opp Farrisvannet på innsida.

Farriselva er den einaste elva som renn ut frå Farris. Elva har ei lengd på om lag 900 meter før ho renn ut i havet i Larvik. Elva har med fossefallet sitt vore ei viktig kraftkjelde for Larvik sin industri sidan 1500-talet. Dei siste åra har elva hatt særs lita vassføring sidan drikkevassuttaket er så stort.

Farris er òg namnet på det eldste kommersielt produserte mineralvatnet i Noreg, også dette frå Larvik. Mineralvatnet vert tappa frå ei grunnvasskjelde nedanfor Bøkeskogen, og har opphavet sitt i regnvatn som vert filtrert gjennom morenemateriale. Under filtreringsprosessen får vatnet tilført ulike salt og mineralar.

Ei vanleg mistyding er at mineralvatnet vert tappa direkte frå innsjøen Farris, men dette er altså ikkje korrekt.