Statsråd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Statsråd kan vere nemninga både på ein einskild minister og på regjeringa samla i møte. Statsrådsmøte vert normalt halde fredag kl. 11.00, i Statsrådsalen på Det kongelege slott i Oslo, men kan òg haldast andre stadar.

Grunnlova § 28 seier at det er viktige saker som vert avgjort av Statsrådet, eller av Kongen i statsråd. Døme på dette kan vere nådesaker, tilsetting i embete, lovproposisjonar, løyvingssaker, stortingsmeldingar, provisoriske anordningar og saker der kongen er tillagt avgjerdsmakt. Andre viktige saker etter skjønn kjem opp i statsråd. Saker som er oppe i statsråd blir underlagt parlamentarisk kontroll gjennom Stortinget sin kontroll med protokollane.

Det er aldri diskusjon i statsråd. Diskusjonen blir unnagjort i regjeringskonferanse, «førebuande statsråd», før møtet hos Kongen. Kongen kan likevel stille spørsmål om sakene.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

regjeringa.no