Miracle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Miracle»
Singel av Paula Seling & Ovi
Land Romania
Språk Engelsk
Utgjeve 15. januar 2014
Innspelt 2013 i Oslo i Noreg
Sjanger Pop, europop og soul
Lengd 3:03
Selskap daWorks
Låtskrivar(ar) Phillip Halloun, Ovidiu Cernăuţeanu, Victor Forberg Skogberg og Frida Amundsen
Produsent Beyond51
Paula Seling & Ovi-kronologi
«Calling You»
(2013)
«Miracle»

«Miracle» (engelsk for Mirakel) er ein singel av Paula Seling & Ovi, gjeven ut 15. januar 2014. Songen er skriven av Phillip Halloun, Ovidiu Cernăuţeanu, Victor Forberg Skogberg og Frida Amundsen, og produsert av Beyond51 i Oslo i Noreg.[1][2]

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Selecția Națională 2014[endre | endre wikiteksten]

«Miracle» vart valt ut av Societatea Românǎ de Televiziune til å delta i Selecția Națională 2014, den rumenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Songen var framførd på engelsk av Paula Seling og Ovidiu Cernăuţeanu under aliaset Paula Seling & Ovi. Cernăuţeanu skreiv «Miracle» saman med Phillip Halloun, Victor Forberg Skogberg og Frida Amundsen. Bidraget vann tevlinga med 22 poeng; tolv frå juryen og ti frå fjernsynssjåarane.[3][4]

Eurovision Song Contest 2014[endre | endre wikiteksten]

«Miracle»
Eurovision Song Contest 2014
Land Romania
Artist(ar) Paula Seling og Ovidiu Cernăuţeanu
Alias Paula Seling & Ovi
Språk Engelsk
Komponist(ar) Phillip Halloun, Ovidiu Cernăuţeanu, Victor Forberg Skogberg og Frida Amundsen
Låtskrivar(ar) Phillip Halloun, Ovidiu Cernăuţeanu og Frida Amundsen
Resultat
Romania i Eurovision Song Contest
«It's My Life»
(2013)
«Miracle»

Etter sigeren i Selecția Națională 2014 vart det klårt at «Miracle» vil representere Romania i Eurovision Song Contest 2014. Songen vil verte framførd på engelsk av Paula Seling & Ovi. Romania vil delta i den andre semifinalen og må enda på mellom dei ti beste for å gå vidare til finalen.

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

  • Digital nedlasting[5]
  1. "Miracle" (Single version) – 3:03
  2. "Miracle" 2014 (Original Radio Edit) – 3:04

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gordon Roxburgh (1. mars 2014). Paula and Ovi to represent Romania! (engelsk). Eurovision.tv. Vitja 16. mars 2014.
  2. Paula Seling sustine concerte în tara si în strainatate, înainte de finala Eurovision – Mediafax (rumensk). Mediafax.ro. Vitja 16. mars 2014.
  3. Punctaj juriu ?i televot Eurovision România 2014 (rumensk). Eurovision.tvr.ro (3. mars 2014). Vitja 16. mars 2014.
  4. ROMANIA 2014: PAULA & OVI TO COPENHAGEN (engelsk). Oikotimes.com. Vitja 16. mars 2014.
  5. Download Paula Seling Si Ovi – Miracle 2014 (Original Radio Edit) Castigatoarea Eurovizion Romania [Vip-Music.Ro].mp3 (engelsk). Hotfiles.ro. Vitja 16. mars 2014.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]