Paula Seling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paula Seling
Paula Seling - Romania (cropped).jpg
Verkeleg namn Paula Seling
Alias Paula
Fødd 25. desember 1978, Baia Mare i Romania
Instrument Vokal og piano
Sjanger Pop og latino
Aktive år 1995–i dag
Yrke Songar
Tilknytte artistar Ovi

Paula Seling (fødd 25. desember 1978 i Baia Mare) er ein rumensk songar, komponist og radio-DJ.

Selecţia Naţională[endre | endre wikiteksten]

1998[endre | endre wikiteksten]

14. mars 1998 deltok ho i den rumenske uttakinga til Eurovision Song Contest 1998, Selecţia Naţională 1998, med songen «Te iubesc». Ho enda på fjerdeplass med 565 poeng.

2010[endre | endre wikiteksten]

I 2010 var ho med att, denne gongen med Ovi og songen «Playing with Fire» og med Kamara Ghedi og songen «It's Not Too Late». Med Kamara Ghedi enda ho på femteplass med 13 poeng og med Ovi vann ho med 24 poeng. Ho og Ovi fekk dimed representerte Romania i Eurovision Song Contest 2010.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

2010[endre | endre wikiteksten]

Dei starta som nummer ti i den andre semifinalen etter Nederland med «Ik ben verliefd (Sha-la-lie)» av Sieneke og før Slovenia med «Narodnozabavni rock» av Ansambel Roka Žlindre og Kalamari.

Bidraget fekk tolv poeng frå Storbritannia, ti poeng frå Noreg, åtte poeng frå Israel, Danmark, Kypros og Tyrkia, sju poeng frå Sverige, seks poeng frå Litauen og Irland, fem poeng frå Aserbajdsjan, fire poeng frå Armenia, Sveits, Slovenia, Bulgaria og Georgia og tre poeng frå Ukraina og Nederland. Romania fekk tilsaman 104 poeng og enda på fjerdeplass av totalt 17 bidrag. Dei gjekk dimed vidare til finalen. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på fjerdeplass med 113 poeng og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på åttandeplass med 80 poeng.

Dei starta som nummer 19 i finalen etter Frankrike med «Allez Ola Olé» av Jessy Matador og før Russland med «Lost and Forgotten» av Peter Nalitch and Friends.

Bidraget fekk tolv poeng frå Moldova, ti poeng frå Spania, Noreg, Portugal og Sverige, åtte poeng frå Kypros, Storbritannia, Israel og Danmark, sju poeng frå Aserbajdsjan, Irland og Slovenia, seks poeng frå Serbia og Polen, fem poeng frå Albania, Island, Malta og Nederland, fire poeng frå Hellas og Sveits, tre poeng frå Russland og Latvia, to poeng frå Bosnia-Hercegovina, Tyrkia, Ukraina og Litauen og eitt poeng frå Kviterussland, Armenia og Slovakia. Romania fekk tilsaman 162 poeng og enda på tredjeplass av totalt 25 bidrag. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på sjetteplass med 155 poeng og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på tredjeplass med 167 poeng.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]