Mirza Džomba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mirza Džomba


Statsborgarskap Kroatia
Fødd 28. februar 1977 (47 år)
Rijeka
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Mirza Džomba (fødd 28. februar 1977) er ein kroatisk tidlegare handballspelar frå Rijeka, landslagsspelar 1997-2008. Han vart verdsmeister 2003 og olympisk meister 2004 med Kroatia sitt landslag og vinnar av meisterligaen 2006 med Ciudad Real. Han spelte på høgrekanten i angrep.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Džomba var ein sentral spelar i det kroatiske mannskapet som frå 2003 hevda seg i verdstoppen i internasjonal handball. Såleis vann han gullmedalje ved verdsmeisterskapen 2003 og i dei olympiske leikane 2004, sidan fekk han sølvmedalje i såvel handball-VM 2005 som i handball-EM 2008. År 2004 skåra han han flest mål, 46, av alle i europameisterskapen i Slovenia, medan han i Sommar-OL 2004 i Aten skåra nest flest mål i handballturneringa. I alt skåra Džomba 719 mål på sine 173 landskampar, einast Domagoj Duvnjak har skåra fleire.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Džomba var aktiv for RK Zagreb frå 1997 til 2001. Deretter gjorde han teneste i ungarske Veszprém KC i tre sesongar. Sidan spelte han på spanske Ciudad Real i tida 2004 til 2007. Han fór så tilbake til RK Zagreb og spelte nye tre sesongar, før han avslutta med spel for polske KS Kielce i 2010/11-sesongen. Džomba tok del i fem meisterligafinalar, to med RK Zagreb, ein med Vezprem og ein med Ciudad Real enda med tap. Fyrst i sin siste meisterliga, i 2006 med Ciudad Real mot San Antonio, stod Džomba att som triumfator.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]