Rijeka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rijeka
Mrtvi kanal i most branitelja, Rijeka.jpg
Styresmakter
Land
Fylke
Kroatia
Primorje-Gorski Kotar
Geografi
Flatevidd
 - By

44 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

140 469
  3311/km²
Koordinatar 45°33′″N 14°44′″EKoordinatar: 45°33′″N 14°44′″E
Plassering
Lokace-Rijeka.jpg

Rijeka (italiensk Fiume) er den tredje største byen i Kroatia, og ligg ved Kvarnerbukta i Adriaterhavet. Han er òg den største hamnebyen i Kroatia med skipsverv, reiarlag, oljeraffineri, petrokjemisk industri, tobakksfabrikkar mm., og er eit viktig trafikknutepunkt. Byen har òg hamnefunksjonar for innlandsstatane Ungarn og Austerrike.

Elva Riječina, som renn gjennom byen, har gjeve namn til byen.

Rijeka er administrativt sentrum for Primorje-Gorski Kotar fylke og romersk-katolsk erkebispesete. Universitetet vart grunnlagt i 1632.

Ved folketeljinga i 2001 var det 144 043 innbyggjarar i Rijeka (om lag 300 000 i omlandet).

Historie[endre | endre wikiteksten]

HNK Ivana pl. Zajca

Rijeka, som ligg så langt nord i Adriatarhavet, vart utvikla alt under Romarriket. I 1446 vart byen ein del av habsburgarane, men det var fyrst på midten av 1600-talet byen byrja å vekse sidan han låg så godt til som transportknutepunkt mellom sjøfart og landtransport frå Sentral-Europa, og fekk seinare ei jarnbane. Ein kort periode på byrjinga av 1800-talet vart Rijeka okkupert av Frankrike, men etter 1814 kom byen igjen inn under habsburgarane (Austerrike-Ungarn). Ungarn miste byen ved fredsavtalen i Trianon i 1920. Etter eit par år som fristad (1. januar 1921 til 24. januar 1924) var Rijeka italiensk 1924-45. Sidan 1945 var byen administrert av, og i 1947 formelt underlagd, Jugoslavia ved Parisfreden i 1947. Då Jugoslavia braut saman i 1991, vart byen ein del av Kroatia. Rijeka sine innbyggjarar har altså sidan 1914 skifta nasjonalitet heile fem gongar.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

På den høgaste toppen i byen ligg Trsat-festninga, som i mellomalderen var sete for den mektige kroatiske adelsslekta frankopanarane. 561 trappesteg fører frå sentrum av byen, forbi kyrkja Sveta Marija, opp til festninga. Kyrkja er ein endestasjon for pilegrimar frå mange land som kjem for å sjå måleriet «Marija av Trsat».

Byen har mange turistattraksjonar, mellom anna ei stor barokkyrkje, Sveti Vid (St. Vitus-katedralen), som vart bygd på midten av 1600-talet.