Mish Mish

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mish Mish
by
Land  Libanon
Guvernement Nord guvernement
Høgd 1 100 moh.
Koordinatar 34°28′23.12″N 36°15′01.99″E / 34.4730889°N 36.2505528°E / 34.4730889; 36.2505528
Folketal 18 000
Kart
Mish Mish
34°28′20″N 36°10′13″E / 34.472222222222°N 36.170277777778°E / 34.472222222222; 36.170277777778
Wikimedia Commons: Mish Mish, Akkar District

Mish Mish (arabisk مشمش, òg skrive Michmich ) er ein landsby i Akkar distrikt i Nord guvernement i Libanon. Mish Mish ligg 1100 meter over havet i fjellomrmåda i nord. Den næraste store byen er Tripoli 45 km i vest, medan den libanesiske hovudstaden Beirut ligg 129 km mot sørvest.

Innbyggjartalet er kring 18 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Akkar distrikt vart først busett av fønikarane, men dei første busetjarane i Mish Mish var muslimar som bygde gjørmesteinshus kring ein moské. Eit par av desse første husa står framleis nær moskeen.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Temperaturen varierer frå -10 ºC om vinteren til 35 °C om sommaren. Mish Mish får ein god del regn og snø om vinteren.

Jordbruk[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om mishmish tyder aprikos, er det hovudsakleg eple og pære som vert dyrka her.