Beirut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beirut
بيروت, Beyrouth
by
Flagg
Våpenskjold
Motto: Berytus Nutrix Legum (Latin: Beirut, mor til rettsvesenet)
Land  Libanon
Guvernement Beirut, hovudstad
Høgd moh.
Koordinatar 33°53′13″N 35°30′47″E
Areal 20 km²
 - by 100 km²
 - storbyområde 200 km²
Folketal 361 366  (2012)(SN)[1]
 - by 1 900 000
 - storby 2 063 363
Folketettleik 18 068 / km²
Borgarmeister Bilal Hamad
Tidssone +2
Retningsnummer 961
Kart
Beirut
33°53′13″ N 35°30′47″ E
Wikimedia Commons: Beirut
Nettstad: City of Beirut

Beirut (arabisk بيروت, Bayrūt; bibelhebraisk בְּאֵרוֹת Be'erot; hebraisk: ביירות Beirut; Peyrut; latinsk Berytus; fransk Beyrouth; armensk Պէյրութ Beyrut[2]) er hovudstaden og den største byen i Libanon. Sidan det ikkje har vore noko folketeljing på mange år, er det eksakte folketalet ukjend, men estimat frå 2007 seier ein stad mellom litt meir enn 1 million til litt mindre enn 2 millionar i Stor-Beirut. Byen ligg på ei halvøy midt på middelhavskysten til Libanon, og er den største hamnebyen i landet. Han vart først nemnd i Tell el Amarna-breva frå Egypt kring 1400-talet fvt. Byen har vore kontinuerleg busett sidan den gong. Beirutelva renn frå sør til nord langs austkanten av byen.

Beirut er regjeringssetet i Libanon og spelar ei sentral rolle i libanesisk økonomi med mange bankar og føretak basert i Beirut sentrum, Hamragata, Rue Verdun og Ashrafieh. Etter øydeleggingane under den libanesiske borgarkrigen har kulturlandskapet i Beirut endra seg stort med mykje utbygging.[3][4][5] Basert på reknskapsføring, marknadsføring, finans og rettsvesen, er Beirut av Globalization and World Cities Research Network rangert som ein Beta World City.[6]

Arkeologi og førhistorie[endre | endre wikiteksten]

Kananittisk knivsegg. Kan ha vore ein del av eit kastespyd. Funne på land ved Den libanesisk evangeliske jenteskulen i patriarkat-området i Beirut.

Det er gjort fleire førhistoriske funn i byområdet kring Beirut, med flintreiskap frå periodane frå midtre til øvre eldre steinalder, og vidare til yngre steinalder og bronsealderen.

Beirut I, eller Minet el Hosn, vart oppført som «Beyrouth ville» av Louis Burkhalter og er sagt å vere på stranda nær Orent og Bassoul hotell på Avenue des Français i sentrum av Beirut.[7][8] Staden vart oppdaga av Lortet i 1894 og diskutert av Godefroy Zumoffen i 1900.[9] Flint-industrien frå staden vart skildra som moustérienkulturen og finst i Kunstmuseet i Lyon.[10]

Beirut II, eller Umm el Khatib, vart markert av Burkhalter nord for Tarik el Jedideh, der P.E. Gigues oppdaga ein flintindustri frå koparalderen kring 100 moh. Staden vart bygd på og øydelagd i 1948.[10]

Beirut III, Furn esh Shebbak eller Plateau Tabet, skal ha lagt på venstrebreidda av Beirutelva. Burkhalter markerte staden vest for vegen til Damaskus, men dette er blitt kritisert av Lorraine Copeland.[10] P. E. Gigues oppdaga ei rekkje flintreiskap frå yngre steinalder på overflata i lag med restar av ein struktur som indikerte ein hyttesirkel. Auguste Bergy diskuterte polerte økser som vart funnen på staden, og som no har forsvunne som følgje av utbygging og urbanisering av området.[11]

Beirut IV, eller Furn esh Shebbak, elvebreidde, låg òg på venstrebreidda av elva og på begge sider av vegen austover frå Furn esh Shebbak politistasjon mot elva som markerte bygrensa. Området vart dekt av raud sand. Staden vart funnen av jesuittpresten Dillenseger og publisert av jesuittane Godefroy Zumoffen,[9] Raoul Describes[12] og Auguste Bergy.[11] Samlingar frå staden vart laga av Bergy, Describes og ein annan jesuitt, Paul Bovier-Lapierre. Mange flintreiskap frå midtre eldre steinalder, vart funnen på overflata og i sideelvar som munnar ut i elva. Dei omfattar kring 50 varierte biface frå akeuliske perioden, somme skinande, som no finst i Libanesisk førhistorisk museum. Henri Fleisch fann òg ein Emireh point blant materialet på staden, som sidan er forsvunne under nybygg.

Beirut V, eller Nahr Beirut (Beirutelva), vart oppdaga av Dillenseger og sagt å ligg i ein frukthage med morbærtre på venstrebreidda av elva, nær elvemunningen, og nmær jernbanestasjonen og brua til Tripoli. Levallois-flint og bein og liknande overflatemateriale vart funnen blant breksjer.[13] Området er no bygd på.[14]

Beirut VI, eller Patriarkatet, var ein stad oppdaga under bygginga av Den libanesisk evangeliske jenteskulen i Beirut-området. Det var kjend for oppdaginga av eit fint utført kananittisk blada kastespyd frå den yngre steinalder-perioden.[10]

Beirut VII, eller Rivoli Cinema og Byblos Cinema nær Bourj i Rue el Arz-området, er to stader oppdaga av Lorraine Copeland og Peter Wescombe i 1964 og undersøkt av Diana Kirkbride og Roger Saidah. Eine staden var bak parkeringsplassen til Byblos kino og synte nedraste murar, groper, golv, kol, keramikk og flint. Den andre ligg oppom ei klippe vest for Rivoli kino og bestod av tre lag. Fragment av blad og breie flak vart oppdaga i det første laget med svartjord, med noko keramikk frå bronsealderen. Bitar av romersk keramikk og mosaikk finst i det øvre laget.[10] Graver frå midtre bronsealder vart funnen i dette området, og den gamle Beirut tell trur ein ligg i Bourj-området.[15]

Den fønikiske hamna i Beirut ligg mellom Rue Foch og Rue Allenby på nordkysten. Hamna vart utgraven og rapportert fleire år sidan og ligg no gravlagd under byen.[16] Ei anna hamn eller tørrdokk skal ha vorte oppdaga kring 1 km mot vest av ei gruppe libanesiske arkeologar frå Generaldirektoratet for antikvitetar under Det libanesiske universitet. Det var kontroversielt den 26. juni 2012 då den libanesiske kulturministeren Gaby Layoun gav eit privat selskap løyve til å øydeleggje ruinane og bygge tre nye skyskraparar og ein hage bak Hotel Monroe i sentrum av Beirut. Seinare har ein internasjonal komité av arkeologar avvist at grøftene var ei hamn, men kva det faktisk har vore vil no truleg aldri bli kjend.[17][18][19]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Beirut har ei historie som går attende meir enn 5 000 år.[20] I følgje Encyclopædia Britannica syner namnet sjølv at byen er gammal. Namnet kjem frå det kanaanittisk-fønikiske be'erot («brunnar»), og syner til grunnvasspegelen som framleis vert nytta av innbyggjarane i dag som vasskjelde.[21][22] Utgravingar i sentrumsområdet har kome fram til lag av fønikiske, hellenistisk, romersk, bysantinske, arabiske, krossfarar og osmanske restar.[23] Den første historiske referansen til Beirut er datert til 1300-talet fvt., då han vart nemnd i kileskrift[22] frå Amarnabreva, tre brev frå Ammunira av Biruta[24] (Beirut) sende til faraoen av Egypt.[25] Biruta er òg nemnt i brev frå Rib-Hadda, kongen av Byblos. Den eldste busetnaden var på ei øy i elva som etter kvart mudra til. Byen vart i antikken kalla Berytus. dette namnet vart nytta i 1934 som namn på ein arkeologisk journal publisert av Faculty of Arts and Sciences ved American University of Beirut.[26]

Hellenistisk/romersk periode[endre | endre wikiteksten]

I 140 fvt. vart byen øydelagd av Diodotus Tryphon i striden med Antiochus VII Sidetes for trona for det makedonske Selevkideriket. Beirut vart kort tid etter bygd om etter ein meir tradisjonell hellenistisk plan og kalla Laodikea i Fønikia (gresk Λαοδίκεια ἡ ἐν Φοινίκῃ) eller Laodikea i Kanaan til ære for den selevkidske Laodike.[treng kjelde] Den moderne byen ligg over den gamle, og det vart utført lite arkeologi før slutten av borgarkrigen i 1991. Utgravingane etter krigen (frå 1993 til i dag) har gjeve ny innsikt i planløysinga og historia til den romerske Berytus. Offentleg arkitektur med fleire bad, gater med kolonnar, eit sirkus og teater,[27] og bustadområde vart grave ut i Framtidshagen av tilgjeving, Martyrplassen og Beirut Souk.[28]

Myntar frå Berytus frå midten av første hundreåret har hovudet til Tyche, lagnadsgudinna, og på baksida symbolet til byen: ein delfin kring eit anker. Symbolet vart sidan teken opp av den tidlege trykkaren Aldus Manutius på 1400-talet i Venezia.

Beirut vart erobra av Pompeius i 64 fvt. Byen vart assimilert i Romarriket og veteransoldatar vart sende der. Det vart utført fleire store byggprosjekt.[29] Beirut vart rekna som den mest romerske byen i dei austlege provinsane av Romarriket.[30]

I 14 fvt., under regjeringstida til Herodes den store, vart Berytus ein colonia og vart kalla Colonia Iulia Augusta Felix Berytus. Den juridiske skulen var vidkjend,[31] og to av dei mest kjende juristane i Roma, Papinianus og Ulpianus, var begge frå Fønikia og gjekk i lære der under Severanuns-keisarar. Då Justinian samla sitt Pandects på 500-talet, kom ein stor del frå lovene til desse to juristane, og i 533 anerkjende Justinian skulen som ein av dei tre offisielle juridiske skulane i riket. Etter jordskjelvet i Beirut i 551[22][29][32] vart studentane flytta til Sidon.[33]

Beirut me det snødekte fjellet Sannine i bakgrunnen – 1800-talet

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Beirut kom under arabisk kontroll i 635[34] Prins Arslan bin al-Mundhir grunnla fyrstedømet Sin-el-Fil i Beirut i 759. Frå dette fyrstedømet utvikla etter kvart fyrstedømet Libanonfjella seg, som var grunnlaget for Stor-Libanon, som er dagens Libanon.[treng kjelde] Som eit handelssenter for det austlege Middelhavet, låg Beirut berre i skuggen til Akko i mellomalderen. Frå 1110 til 1291 var han underlagt krossfararane og kongedømet Jerusalem. Johannes av Ibelin, den gamle herren av Beirut (1179–1236) bygde opp byen etter slaga med Saladin og bygde Ibelin-palasset i Beirut.[34]

Osmansk styre[endre | endre wikiteksten]

Pinjeskog i Beirut, 1914

Beirut vart kontrollert av lokale drusar-emirar gjennom den osmanske perioden.[35] Ein av dei, Fakhr-al-Din II, bygde festningsverk i byen tidleg på 1600-talet,[36] men osmanarane tok attende byen i 1763.[36] Med støtte frå Damaskus klarte Beirut å bryte monopolet til Akko for syrisk maritim handel og i nokre år var han det største handelssenteret i regionen. I den påfølgjande epoken med opprør mot det osmanske hegemoniet i Akko under Jezzar Pasha og Abdullah Pasha, vart Beirut redusert til ein liten by med kring 10 000 innbyggjarar og vart kjempa om mellom osmanarane, lokale drusarar og mamelukkane. Etter Ibrahim Pasha av Egypt erobra Akko i 1832,[37] byrja Beirut å vokse att.

På andre halvdel av 1800-talet, utvikla Beriut nære handelsmessige og politiske band til stormaktene i Europa, særleg Frakrike. Europeisk interesse i libanesisk silke og andre eksportvarer omgjorde byen til ei stor hamn og handelssenter. Samstundes vart den osmanske makta i regionen svekka. Sekteriske og religiøse konfliktar, maktvakuum og endringar i den politiske dynamikken i regionen kulminerte med Libanonstriden i 1860. Beirut vart ein destinasjon for maronittiske kristne flyktningar frå dei verste kampområda i Libanonfjella og i Damaskus.[38] Dette endra igjen den etniske samansetjinga i sjølve Beirut, og sådde frøa for framtidige etniske og religiøse vanskar der og i resten av Libanon. I mellomtida blømde derimot Beirut. Dette kom igjen av europearane, og at dei lokale innbyggjarane forstod at handel og velstand var avhengig av innanlandsk stabilitet.[39]

I 1888 vart Beirut hovudstad i Syria vilajet (guvernement),[40] inkludert sanjakane (prefektura) Latakia, Tripoli, Beirut, Akko og Bekaa.[41] På denne tida hadde Beirut vorte ein verdsby med nære band til Europa og USA. Han vart òg eit misjonærsenter som førte til at det vart oppretta fleire utdanningsinstitusjonar, som American University of Beirut. Ved hjelp av vatn frå eit britisk selskap og gass frå eit fransk, vart silke eksportert til til Europa og kom til å dominere den lokale økonomien. Etter at franske ingeniørar bygde ei moderne hamn i 1894 og ei jernbanelinje over Libanon til Damaskus og Aleppo i 1907, gjekk mykje av handelen med franske skip til Marseille. Franskmennene byrja kort tid etter å få meir makt i området enn dei andre europeiske nasjonane. I 1911 skreiv Encyclopædia Britannica at folkesetnaden bestod av 36 000 muslimar, 77 000 kristne, 2 500 jødar, 400 drusarar og 4 100 utlendingar. Ved starten på 1900-talet var Salim Ali Salam ein av dei viktigaste personane i Beriut, og heldt fleire offentlege stillingar, som fullmektig frå Beirut i det osmanske parlamentet og ordførar i Beirut kommune. På grunn av den moderne levemåten sin, førte Salim Ali Salam som offentleg person til ei sosial utvikling i byen.

Foto av Beirut frå høgda mot slutten av 1800-talet.

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

St. Nicholas-trappa i Ashrafieh.

Etter Det osmanske riket kollapsa etter fyrste verdskrigen, hamna Beirut, og resten av Libanon, under Det franske mandatet. Libanon fekk sjølvstende i 1943, og Beirut vart hovudstaden. Byen vart verande ein intellektuell hovudstad i regionen, og vart eit viktig turistmål og finanssenter, særleg for oljeboomen i Persiabukta.

Perioden med relativ velstand enda i 1975, då den libanesiske borgarkrigen braut ut i landet.[42][43] Under det meste av krigen var Beirut delt mellom den muslimske vestdelen og den kristne austdelen av byen.[44] Sentrumsområdet, som tidlegare hadde husa det meste av handel og kultur i byen, vart eit ingenmannsland kjend som Den grøne linja. Mange innbyggjarar flykta til andre land. Kring 60 000 døydde dei første to åra av krigen (1975–1976), og mykje av byen vart øydelagd. Ein særleg øydeleggande periode var den syriske omleiringa i 1978 av Achrafiyeh, den viktigaste kristne bydelen i Beirut. Syriske soldatar bomba den austlege bydelen, men kristne militsar slo attende fleire forsøk frå dei syriske elitestyrkane på å kapre det strategiske området i eit tre månader langt felttog kalla hundredagarskrigen.

Eit anna øydeleggande kapittel var den libanesiske krigen i 1982, då det meste av Vest-Beirut var kringsett av israelske soldatar. I 1983 vart franske og amerikanske kasernar bomba, og 241 amerikanske og 58 franske tenetemenn, seks sivile og to sjølvmordsbombarar mista livet.[45][46][47] Hizbollah vart danna etter den israelske invasjonen av Libanon i 1982, og vart hovudsakleg danna for å yte motstand mot den israelske okkupasjonen.[48]

Avenue de Paris, kalla Corniche Beirut

Sidan slutten av krigen i 1990 har Beirut blitt gradvis bygd opp att, og ved starten på Israel-Libanon-konflikten i 2006 hadde byen fått ein viss status som turistby, og kulturelt og intellektuelt senter i Midtausten og som eit senter for handel, mote og media. Oppbyggina av sentrum av Beirut er stort sett driven av Solidere, eit byggfirma skipa i 1994 av statsminister Rafic Hariri. Byen har vore vertskap for den asiatiske klubbmeisterskapen i basketball og den asiatiske fotballcupen, og Miss Europe åtte gangar, 1960–1964, 1999, 2001–2002.

Rafic Hariri vart myrda i 2005 nær St. Georgbukta i Beirut.[49][50] Ein månad seinare samla ein million menneske seg for ein demonstrasjon i Beirut.[51][52] Sederrevolusjonen var den største demonstrasjonen i Libanon si historie på den tida.[53] Dei siste syriske soldatane trekte seg ut av Beirut den 26. april 2005,[54] og dei to landa oppretta diplomatiske forhold den 15. oktober 2008.

Under Libanonkrigen i 2006 førte den israelske bombinga til skadar i mange delar av Beirut, særleg det hovudsakleg sjia-busette området i dei sørlege forstadane av Beirut.

I mai 2008, etter regjeringa valde å oppløyse kommunikasjonsnettverka til Hizbollah (ei avgjerle dei seinare snudde), braut det ut valdelege samanstøytar mellom dei som støtta regjeringa og dei som var i mot, før den libanesiske hæren fekk kontroll over byen. Etter det vart det halde ein nasjonal dialogkonferanse i Doha etter ein invitasjon frå prinsen av Qatar. Konferansen kom fram til å peike ut ein ny president i Libanon og opprette ei ny regjering som bestod av alle politiske motspelarar. Som følgje av Doha-avtalen vart opposisjonsleiren i hovudstaden fjerna.[treng kjelde]. Den 19. oktober 2012 tok ei bilbombe livet av åtte folk i bydelen Achrafiyeh, mellom anna brigadesjef Wissam al-Hassan, sjefen for etterretninga. I tillegg vart 78 andre skadde i bombinga.[55] Det var det største åtaket i hovudstaden sidan 2008.[56] Den 27. desember 2013 eksploderte ei bilbombe i sentrum av Beirut og minst fem menneske mista livet, mellom anna den tidlegare libanesiske ambassadøren til USA, Mohamad Chatah, medan 71 andre vart skadde.[57]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Dueklippa (Raouché)
Beirut sett frå SPOT-satellitt.

Beirut ligg på ei halvøy som strekkjer seg vestover til Middelhavet kring 94 km nord for grensa til Israel.[58] Innafor ligg Libanonfjella. Byen har har fått ei trekanta form,, stort sett på grunn av plasseringa mellom to åsar, Al-Ashrafieh og Al-Musaytibah. Beirut guvernement dekkjer 18 kvadratkilometer, og storbyområdet 67 kvadratkilometer. Kysten er heller variert med steinete strender, sandstrender og klipper mellom kvarandre.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Beirut har eit varmt middelhavsklima (Köppen: Csa) med varme dagar og netter om sommaren, som er nesten heilt utan regn. Hausten og våren er kjølig, medan vintrane er regnfulle. August er den varmaste månaden med ein makstemperatur på 32 °C, og januar og februar er dei kaldaste månadane med ein minimumstemperatur på 11 °C. Dei rådande vindane om ettermiddagen og kvelden er frå vest (solgangsbris inn frå Middelhavet); og om natta bles vinden ut frå kysten.

Årsmiddelnedbøren er 893 mm, med det meste av dette på vinterstid, våren og hausten. Nedbøren på hausten og våren kjem hovudsakleg som kraftige regnbyer nokre få av dagane., men om vinteren er nedbøren spreidd utover fleire dagar. Om sommaren kjem det særs lite nedbør. Snø er sjeldan, utanom i dei høgareliggande, austlege forstadane.

Vêrdata for Beirut internasjonale lufthamn
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 25 31 36 37 42 40 37 37 37 38 33 29 42
Gjennomsnittleg maks °C 17 17 19 22 26 28 31 32 30 27 23 18 24
Gjennomsnittleg min °C 11 11 12 14 18 21 23 23 23 21 16 13 17
Lågast målte °C −1 −1 2 6 10 13 18 17 16 11 5 −1 −1
Gjennomsnittleg nedbør mm 190,9 133,4 110,8 46,3 15 1,5 0,3 0,4 2,3 60,2 100,6 163,8 825,5
Gns. dagar med regn 15 12 9 5 2 0 0 0 1 4 8 12 68
Gns. luftfukt (%) 69 68 67 69 71 71 73 73 69 68 66 68 69
Gns. solskinstimar i månaden 131 143 191 243 310 348 360 334 288 245 200 147 2 940
Kjelde: Bfvt. Weather[59]Danske meteorologiske institutt (sun and relative humidity)[60]

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

Kart over 12 bydelar i Beirut.

Beirut er delt inn i 12 bydelar (quartiers):[61]

Desse bydelane er delte inn i sektorar (secteurs).[62]

To av dei tolv offisielle palestinsk flyktningleirar i Libanon ligg i dei sørlege forstadane av Beirut: Bourj el-Barajneh og Shatila. Det ligg òg ein innafor kommunegrensa: Mar Elias.[63] Av dei femten uregistrete eller uoffisielle flyktningleirane ligg Sabra like ved Shatila, i det sørlege Beirut.[64]

Folk i Libanon nytta ofte forskjellige namn på dei same stadane, og få nyttar dei offisielle gatenummera. I staden vert historiske og kommersielle landemerke og stadkodar som PinLiban nytta.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Det har ikkje vore ei folketeljing i Libanon sidan 1932, og estimat av folketalet i Beirut varierer frå 938 940[65] til 1 303 129 til så høgt som 2 012 000.[66]

Religion[endre | endre wikiteksten]

Beirut er ein av dei mest religiøst mangfaldige byane i Libanon og heile Midtausten.[67] Byen har store samfunn av kristne og muslimar. Det er ni store religiøse grupper i Beirut: maronittisk katolikkar, gresk-ortodokse, greske katolikkar, armenske apostliske, armenske katolikkar, protestantar, sunnimuslimar, sjiamuslimar, jødar og drusarar.

Familiesaker som ekteskap, skilsmisse og arv vert framleis styrt av religiøse styresmakter som representerer trua til personen (det osmanske «millet»-systemet). Ønske om borgarlege ekteskap er einstemmig nedstemd av dei religiøse styresmaktene, men borgarlege ekteskap i andre land er anerkjend av libanesisk sivil rett. Fram til midten av 1900-talet var Beirut heimstad til eit jødisk samfunn i Bab Idriss-sektoren i Zokak el-Blat.

Før borgarkrigen var nabolaga i Beirut ganske hetrogene, men dei vart i stor grad segregert etter konflikten.[treng kjelde] Aust-Beirut har ein hovudsakleg kristen folkesetnad med ein liten muslimsk minoritet, medan Vest-Beirut har ein muslimsk majoritet med små minoritetar av kristne og drusarar. Sidan slutten av borgarkrigen har muslimar og kristne i større grad halde seg i kvar sin halvdel, i Aust- og Vest-Beirut. Dei sørlege forstadane er stort sett busett av sjiamuslimar, medan dei austlege og nordlege forstadane stort sett er kristne.

Byen har seks bispesete innafor bygrensene. Den maronittisk-katolske kyrkja har hatt eit bispesete sidan 1577, i dag under erkebiskop Paul Youssef Matar, den gresk-ortodokse kyrkja, under erkebiskop Elias Audi, den melkittisk-katolske kyrkja, under erkebiskop Cyril Salim Bustros. Han har òg den armensk-katolske kyrkja under Nerses Bedros XIX Tarmouni, i tillegg til den den kaldeisk-katolske kyrkja, som har vore i byen sidan 1957. Den syrisk-katolske kyrkja leia av Ignatius Joseph III Yonan held òg til i byen.[treng kjelde]

Beirut sentrum[endre | endre wikiteksten]

Beirut sentrum eller Centre Ville er namnet på det historiske senteret i Beirut, det «yrande finansielle, komersielle og administrative senteret i landet.»[68] Området er fleire tusen år gammalt og det tradisjonelle senteret for føretak, finans, kultur og fritid. Ombygginga av sentrum er eit av dei mest ambisiøse av dagens byutviklingar.[69] På grunn av øydeleggingane som skjedde i sentrum under den libanesiske borgarkrigen, er det mykje nybygging og utvikling i sentrum som har gjort at det igjen har den kulturelle og økonmiske stillinga i regionen. Sidan den gong har Beirut sentrum utvikla seg til eit integrert business- og handelsmiljø og er igjen sentrum for økonomisk aktivitet i regionen.[70]

Romersk badepark i sentrum av Beirut.

Det samla arealet til sentrumsområdet er 4 690 000 kvadratmeter, og det meste består av bustadområde (1 924 000 kvadratmeter).[71] Beirut sentrum består av over 60 hagar, torg og opne rom.

Sentrum har mange butikkar, restaurantar og underhaldning. Det er over 100 kafear, restaurantar, pubar og nattklubbar i sentrum og over 350 butikkar langs gatene. Beirut Souks har aleine over 200 butikkar og ei rekkje restaurant og kafear. Beirut Souks er den gamle mellomaldermarknaden i byen, nyleg renovert med det originale hellenstiske gatenettet, som karakteriserte den gamle souk-marknaden med historiske landemerke langs butikkgatene og bogegangane.[72]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Kafear i sentrum av Beirut

Beirut har ein økonomi som er tenesteorientert med bankvesen og turisme som hovudsektorane.

I eit område dominert av autoritære og militære regime, var den libanesiske hovudstaden generelt rekna som ein fristad for liberalisme, sjølv om det var eit vaklande eitt.[treng kjelde] Med hamna og flyplassen, i lag med den frie økonomien og valutasystemet, solid gullbasert valuta, bankløyndomslover, og gunstige skattar, vart Beirut eit finanssenter for arabisk rikdom, og mykje av det vart investert i bygg, handelsføretak og industri (hovudsakleg produksjon av tekstilar og sko, mat og trykking).[73] Økonomien i Beirut er mangfaldig, inkludert forlagsverksemd, bankvesen, handel og forskjellige industriar. I tida etter det libanesiske sjølvstende, vart Beirut finanssenteret i regionen. Då oljeboomen starta i 1960-åra, vart dei Libanon-baserte bankane den største mottakaraen av oljepengane i Midtausten.[74]

I hovudstaden ligg hovudkvartera til Banque du Liban, Den libanesiske sentralbanken, Beirut børs, Middle East Airlines, Dei sameinte nasjonane økonomiske sosiale kommisjon for Vest-Asia, Union of Arabs Banks, og Union of Arabs-børsen.[75]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Raouché

Turistindustrien i Beirut har historisk vore ei viktig lokal næring og er det framleis i dag, både for byen og landet generelt. Før den libanesiske borgarkrigen var Beirut rekna som «Midtausten sitt Paris»,[76] der turistar kunne oppleve levantinsk Middelhavskultur. Den mangfaldige atmosfæren i Beirut og den gamle historia gjer han til ein viktig destinasjon som sakte vert bygd opp att etter uroa i fortida.

I følgje turiststatistikk for 2012 kom 34 % av turistane i Beirut frå statar i Den arabiske ligaen, 33% kom frå europeiske land (hovudsakleg Frankrike, Tyskland og Storbritannia), og 16 % frå Amerika (kring halvparten frå USA).[77]

Det store bilfrie området i sentrum av Beirut er det viktigaste turistområdet i byen. Distriktet er ei blanding av bygningar med steinfasade med søylegater og alléar. Arkitekturen i området er ei blanding av fransk arkitektur og venetiansk-gotisk arkitektur blanda med arabesk og osmansk arkitektur. Distriktet består av gamle moskéar og krossfararkyrkjer, og avdekte restar og ruinar frå romartida. Distriktet har titals av restaurantar, kafear og pubbar, og mange butikkar, hovudsakleg i Beirut Souks. Hotell og høghus stå langs Den nye sjøsida, marinaen og promenaden.

Eit anna populært turistmål i Beirut er Corniche Beirut, ein 4,8 km lang promenade som går langs sjøsida av hovudstaden frå St. Georgbukta i nord til Avenue de Paris og Avenue General de Gaulle sør for byen. Det høgaste punktet langs promenaden ligg ved Raouché, eit bustadområde på ei stort, kvit, kalksteinsklippe med Raouchéklippene i sjøen utafor.

Hamragata er ei lang brusteinsgate mellom sentrum og Raouche-området. Gata har mange butikkar, restaurantar, bankar, gatehandlarar, kafear og aviskioskar, og eit yrande natteliv.

Gemmayzeh er det kunstnariske bohemiske kvarteret i Beirut, eit gammalt distrikt med mange smale gater og vakre, historiske bygg frå den franske tida. Nabolaget er kjend for dei trendy barane og pubane, kafeane, restaurantane og loungane. Dei fleste av dei ligg direkte på Rue Gouraud, hovudgata som skjer gjennom midten av distriktet. Gata, som er kalla opp etter den franske generalen Henri Gouraud, har vorte ei av dei mest trendy gatene i Beirut med mange dyre restaurantar og turistfasilitetar. Gata grensar til Saifi Village og går aust for sentrum av byen.

Beirut trekkjer til seg turistar frå både den arabiske verda og Vesten.[78] I magasinet Travel + Leisure vart han kåra til den 9. beste byen i verda i 2006.[79] Lista vart laga kort tid før Libanonkrigen i 2006 braut ut, men i 2008 oppførte The Guardian igjen Beirut som ein av dei ti beste byane i verda.[80] The New York Times rangerte han øvst på lista si over «44 stader å dra» i 2009.[81] I 2011 avslørte MasterCard-indeksen at Beirut hadde det nest høgaste talet på vitjande i Midtausten og Afrika, totalt 6,5 milliardar dollar.[82] Beirut vart vald i 2012 av Condé Nast Traveler som den beste byen i Midtausten, føre Tel Aviv og Dubai.[83]

Mange av turistane er libanesarar som vender heim att, men mange kjem òg frå vestlege land. Kring 3 million turistar vitja byen i 2010; den tidlegare rekorden var 1,4 millionar i 1974.[84]

Styre[endre | endre wikiteksten]

Beirut er hovudstaden i Libanon og setet for regjeringa.[85] Det libanesiske parlamentet,[86] alle departementeta og dei fleste offentlege administrasjonane, ambassadane og konsulata.[87] Styret av Beirut er ein av seks mohafazat (fleirtal av mohafazah, ei statleg regjering). Dei andre er Nord-Libanon, Libanonfjella, Sør-Libanon, Beqaa og Nabatiye.

Guvernøra i Beirut[88]
Namn Starta embetet Avslutta embetet
1 Kamel Hamieh 1936 1941
2 Nicholas Rizk 1946 1952
3 George Assi 1952 1956
4 Bachour Haddad 1956 1958
5 Philip Boulos 1959 1960
6 Emile Yanni 1960 1967
7 Shafic Bou Haydar 1967 1977
8 Mitri El Nammar 1977 1987
9 George Smaha 1987 1991
10 Nayef El Malouf 1992 1995
11 Nicholas Saba 1995 1999
12 Jacob Sarraf 1999 2005
13 Nassif Kaloush 2005 2008

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

American University of Beirut og Université Saint-Joseph (USJ) er dei eldste engelske of franske universiteta i landet. Det libanesiske universitetet er den einaste offentlege institusjonen for høgare utdanning i Beirut.[89] I Beirut ligg òg Libanese American University (LAU).[90]

Generaldirektoratet for høgare utdanning er ansvarleg for styret av universiteta og institutta i Beirut og heile landet.[89]

Blant private vidaregåande skular i Beirut finn ein Grand Lycée Franco-Libanais, Lycée Franco-Libanais Verdun, American Community School, International College, Collège Notre-Dame de Jamhour, Carmel Saint-Joseph, Collège Louise Wegmann, Rawdah High School, Saint Mary's Orthodox College,[91] Collège Notre Dame de Nazareth, Collège du Sacré-Coeur Gemmayzé, Collège Protestant Français, Den armenske evangelsiek sentrale vidaregåande skulen, Den tyske skulen i Beirut og det armenske Hamazkayin Arslanian college.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Beirut Rafic Hariri internasjonale lufthamn

Den renoverte flyplassen i byen er Rafic Hariri internasjonale lufthamn, som ligg i dei sørlege forstadane. Beirut hamn, ein av dei største og mest kommersielle i det austlege Middelhavet, er ei anna importhamn. Som endestasjon kan ein nå Libanon med ferje frå Kypros via den nærliggande byen Jounieh eller med veg frå Damaskus via Beqaadalen i aust.[92]

Beirut har mange bussamband til andre byar i Libanon og store byar i Syria, som Homs og hovudstaden Damaskus. Det er fleire offentleg samferdsleføretak som driv kollektivtrafikk i Libanon. Dei offentleg eigde bussane er driven av Office des Chemins de Fer et des Transports en Commun (OCFTC). BUssar for nordlege destinasjonar og Syria forlet Charles Helou stasjon.

Samferdsledepartementet kjøpte inn 250 nye bussar i 2012 for å tene regionane utafor hovudstaden betre og prøve å betre trafikktilhøva i Beirut.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Hageshowet og vårfetivalen i Beirut Hippodrome.

Kulturen i Beirut har utvikla seg under påverknad av mange forskjellige folk og sivilisasjonar, som grekarar, romarar, arabarar, osmanske tyrkarar og franskmenn. Den juridiske skulen i sentrum av Beirut var ein av dei første i verda og vert rekna som det leiande senteret for jus i Austromarriket.

Beirut var vertskap for toppmøta til Francophonie og Den arabiske ligaen i 2002, og i 2007 seremonien til Prix Albert Londres,[93][94] som gjev pris til dugande fransktalande journalistar kvart år. Byen var òg vertskap for Jeux de la Francophonie i 2009.[95][96] Same året vart han Verdsbokhovudstad av UNESCO.[97]

Beirut har blitt kalla «festhovudstaden i den arabiske verda».[98] Rue Monnot er internasjonalt kjend blant nattklubbgjengarar,[99]

Museum[endre | endre wikiteksten]

Nasjonalmuseet i Beirut
Sursock museum

Nasjonalmuseet i Beirut er det største arkeologiske museet i Libanon. Det har kring 1 300 utstillingar frå førhistoriske tid til mamelukktida i mellomalderen.[100] Det arkeologiske museet ved American University of Beirut er det tredje eldste museet i Midtausten, med gjenstandar frå Libanon og naboland.[101] Sursock museum vart bygd av familien Sursock på slutten av 1800-talet som ein privat villa og så donert til den libanesiske staten. Det er no eit populært kunstmuseum. Robert Mouawad private museum nær Grand Serail-utstillingane i Beirut av Henri Pharaon si private samling av arkeologi og antikvitetar.[102] Planet Discovery er eit teknisk museum for barn med interaktive eksperiment, utstillingar og konkurransar.[103] Saint Joseph universitet opna Museum for libanesisk førhistorie i 2000, det første museeet for førhistoria i det arabiske Midtausten.[104]

Media[endre | endre wikiteksten]

Beirut er sentrum for fjernsyns-, avis- og bokforlagsindustrien.

Fjernsynsstasjonar basert i Beirut er mellom andre Télé Liban, LBC, ÓTV (Orange TV), MTV Lebanon, Télé Lumière, Future TV, New TV, NBN, ANB og Saudi TV 1og MBC 1, MBC 4, MBC Action, Fox, Al Jazeera, Rotana, OSN First, OSN News, Al Yawm og Arabic Series Channel.

Aviser i byen er mellom andre An-Nahar, Al Joumhouria, As-Safir, Al Mustaqbal, Al-Akhbar, Al-Balad, Ad-Diyar, Al Anwar og Al Sharq.

Aviser og magasin publisert på fransk er mellom andre L'Orient Le Jour (sidan 1971), La Revue Du Liban, Al Balad-French Version, Al Intiqad, Magazine L'Hebdo og La Commerce Du Levanten.

Engelske aviser publisert i Beirut er The Daily Star, Executive Magazine (vekentleg), Beirut Online, Beirut Times (vekentleg) og Monday Morning.

Sport[endre | endre wikiteksten]

Den libanesiske hovudstaden var vertskap for Middelhavsleikane i 1959, FIBA Asia Champions Cup i 1999, 2000 og 2012, AFC Asian Cup i 2000, og FIBA Asia Cup i 2010. Beirut var vertskap for det sjette Jeux de la Francophonie i 2009. Beirut var òg vertskap for Dei panarabiske leikane i 1957, 1997 og 2015.

Beirut, med Sidon og Tripoli, var vertskap for AFC Asian Cup i 2001.[105] Det er to stadion i byen, Camille Chamoun Sports City Stadium og Beirut Municipal Stadium.

Basketball er den mest populære idretten i Libanon. Fire basketball-lag frå Beirut spelar i den øvste divisjonen i landet.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Beirut er venskapsby med

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. UNdata | record view | City population by sex, city and city type. Data.un.org (23. juli 2012). Henta 18. august 2014.
  2. Պէյրութ Peyrut er på vestarmensk, talt av libanesiske armenarar. På austarmensk er variasjonane nytta i Armenia Բեյրութ Beyrut.
  3. Reconstruction of Beirut Arkivert 2009-01-16 ved Wayback Machine., Macalester College
  4. Libanon's Reconstruction: A Work in Progress, VOA News
  5. Beirut: Between Memory and Desire, Worldview
  6. «GAWC World Cities - The World's Most Important Cities». Diserio.com. Arkivert frå originalen 22. februar 2010. Henta 26. mars 2013. 
  7. Burkhalter, L., Bibliographie préhistorique (à suivre) (List of prehistoric sites, continuation and end), Bulletin du Musée de Beyrouth. Tome VIII, 1946–1948, Beyrouth, in-4° br., 173 pages.
  8. Burkhalter L., Bibliographie préhistorique (suite et fin) (List of prehistoric sites, continuation and end), Bulletin du Musée de Beyrouth. Tome IX, 1949–1950, Beyrouth, in-4° br., 117 pages.
  9. 9,0 9,1 Godefroy Zumoffen (1900). La Phénicie avant les phéniciens: l'âge de la pierre. Impr. catholique. Henta 17. august 2014. 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 Lorraine Copeland; P. Wescombe (1965). Inventory of Stone-Age sites in Lebanon, s. 73-75 and see fig. XVII på s. 163 med teikning av Peter. J. Wescombe av kastespydet funnen ved Beirut VI. Imprimerie Catholique. Henta 21. juli 2011. [daud lenkje]
  11. 11,0 11,1 Bergy, Auguste. «La paléolithique ancien stratifié à Ras Beyrouth". Mélanges de l'Université Saint Joseph, Volume 16, 5–6, 1932.
  12. Describes, Raoul. «Quelques ateliers paléolithiques des environs de Beyrouth», Mélanges de l'Université Saint-Joseph, Volume VII, 1921.
  13. Karge, P., Rephaim : Die Vorgeschichtliche Kultur Palästinas und Phöniziens, Paderborn (First edition), 1917–1918
  14. Zumoffen, Godefroy., L'âge de la Pierre en Phénicie, L'Anthropologie, Volume 8, page 272, 1898.
  15. Lauffray, J., Forums et monuments de Béryte, BULLETIN DU MUSEE DE BEYROUTH. Tome VII, 1944–1945, Beyrouth, in-4° br., 124 pages dont 4 de texte arabe, 29 planches hors-texte.
  16. Nina Jidejian (1973). Beirut through the ages. Dar el-Machreq [distribution: Librairie orientale. Henta 17. august 2014. 
  17. «Phoenician Port in Beirut faces Mega Project», Van Meguerditchian, The Daily Star Libanon, 25. juni 2012., arkivert frå originalen 29. september 2018, henta 19. august 2014 
  18. Ralph K. Pederson, Archaeological Assessment Report on the Venus Towers Site (BEY 194), Beirut - For the Venus Towers Real Estate Development Company, Philipps-Universität Marburg, 30. mai - 3. juni 2012.
  19. Justin Salhani, Archaeological report: Razed ruins not fønikiske port" Arkivert 2018-11-23 ved Wayback Machine., The Daily Star, Libanon, 29. juni 2012.
  20. Under Beirut's Rubble, Remnants of 5 000 Years of Civilization– NYTimes 23. februar 1997
  21. The New Encyclopædia Britannica (1993) volume 14, macropaedia, 15th edition, Encyclopædia Britannica Inc.
  22. 22,0 22,1 22,2 Profile of Libanon: History Arkivert 2013-07-23 ved Wayback Machine. libanesisk Embassy of the U.S.
  23. Research Projects – History and Archeology Arkivert 2008-12-06 ved Wayback Machine., American University of Beirut (AUB)
  24. Fønikia i Encyclopaedia Biblica, Case Western Reserve universitet
  25. Fønikia, Jrank.org
  26. Berytus Archeological Studies, American University of Beirut (AUB)
  27. Curvers and Stuart (2007) The fvt.D Archaeology Project, 2000-2006, Bulletin d’Archéologie et d’Architecture Libanaises 9: 189-221 https://www.academia.edu/238267/Beirut_fvt.D_Archeology_Project_2000-2006
  28. Perring, Dominic (2003) The Insula of the House of the Fountains in Beirut: an Outline History, Antiquaries Journal 83:195-230; Thorpe (nd) The Insula of The House of The Fountains in Beirut https://www.academia.edu/489532/Excavations_of_the_Insula_of_the_House_of_the_Fountains_in_Beirut
  29. 29,0 29,1 About Beirut and Downtown Beirut, DownTownBeirut.com. Henta 17. august 2014.
  30. Morgan, James F. The Prodigal Empire: The Fall of the Western Roman Empire, page 87
  31. Beirut Arkivert 2012-05-24 ved Archive.is, Britannica.com
  32. History of Fønikia, fulltextarchive.com. Henta 17. august 2014.
  33. «Saida (Sidon)». Ikamalebanon.com. Henta 17. august 2014. 
  34. 34,0 34,1 Beirut, Britannica.com
  35. Druze History[daud lenkje], DHF Druze Heritage Foundation
  36. 36,0 36,1 Beirut, Jrank.org
  37. Corpus Inscriptionum Arabarum Palaestinae, av Moshe Sharon
  38. Fawaz, Leila. «The City and the Mountain», International Journal of Midtausten Studies 16 no. 4 (Nov. 1984), 493.
  39. Fawaz, Leila. «The City and the Mountain», International Journal of Midtausten Studies 16 no. 4 (Nov. 1984), 490.
  40. Modern Beirut Arkivert 2018-09-15 ved Wayback Machine., Macalester College
  41. An Alternate Alternative History Arkivert 2005-04-08 ved Library of Congress Web Archives, Foreign Policy
  42. Dancing i street Arkivert 2007-01-24 ved Wayback Machine., The Independent
  43. Libanon (Civil War 1975–1992, Global Security
  44. Terrorism – Terrorist Attacks Chronology, CDI Terrorism Project
  45. Frontline: Target America: Terrorist Attacks on Americans, 1979–1988, PBS.org
  46. Historical Fact: Bombing of marine barracks, 23. oktober 1983, lebaneseforces.com
  47. «Who are Hizbollah». Bfvt. News. May 21, 2008. Henta 15. august 2008. 
  48. History of Libanon (The Sederrevolusjonen), LGIC. Henta 17. august 2014.
  49. Watch – Sederrevolusjonen, arkivert frå originalen 23. desember 2007, henta 19. august 2014 , The Winds of Change. Henta 17. august 2014.
  50. 'Record' protest held in Beirut, Bfvt. News
  51. From Hopeful To Helpless At a Protest In Libanon, Washingtonpost.com
  52. Hariri sister calls for justice, CNN International
  53. On This Day – 26. april, Bfvt.co.uk
  54. «Wissam al-Hasan Assassinated in Ashrafiyeh Bomb Blast». Naharnet. Henta 17. august 2014. 
  55. «8 Dead, 78 Hurt as Powerful Car Bomb Hits near Ashrafiyeh's Sassine Square». Naharnet. Henta 17. august 2014. 
  56. «Libanon's Mohamad Chatah, a Hezbollah foe, killed in blast - CNN.com». CNN. 28. desember 2013. 
  57. «Howstuffworks «Geography of Beirut»». Geography.howstuffworks.com. Arkivert frå originalen den 28. april 2009. Henta 17. august 2014. 
  58. «Average Conditions: Beirut internasjonale lufthamn». Bfvt. Henta 17. august 2014. 
  59. Cappelen, John; Jensen, Jens. «Libanon - Beyrouth» (PDF). Climate Data for Selected Stations (1931-1960) (på dansk). Danske meteorologiske institutt. s. 167. Arkivert frå originalen (PDF) 27. april 2013. Henta 17. august 2014. 
  60. «Beirut's official website». Arkivert frå originalen den 21. mai 2008. Henta 23. april 2008. 
  61. «Beirut's Official Website». Beirut.gov.lb. Arkivert frå originalen den 12. april 2009. Henta 17. august 2014. 
  62. Dei sørlege forstadane består av Chiyah, Ghobeiry (Bir Hassan, Jnah og Ouzai er ein del av Ghobeiry kommune), Haret Hreik, Burj al Barajneh, Laylake-Mreijeh, Hay al Sillum og Hadath. Dei austlege forstadane består av Burj Hammoud, Sin el Fil, Dekwane og Mkalles. Hazmiyeh vert òg rekna som ein austleg forstad nær hovudstaden. «Lebanon refugee camp profiles». UNRWA. 31. desember 2006. Arkivert frå originalen den 9. april 2008. Henta 17. august 2014. 
  63. Sherifa Shafie. «Palestinian Refugees i Libanon» (PDF). Force Migration. Arkivert (PDF) frå originalen den 28. mai 2008. Henta 17. august 2014. 
  64. «Dei sameinte nasjonane: «Demographic Yearbook 2003», s. 53, 2003» (PDF). Henta 17. august 2014. 
  65. «Encyclopedia of the Nations». Nationsencyclopedia.com. Arkivert frå originalen den 13. januar 2010. Henta 17. august 2014. 
  66. At Beirut Protest, a Reminder of Religious Diversity, The New York Times. Henta 17. august 2014.
  67. de beste bron van informatie over cedarland. Deze website is te koop! Arkivert 2006-04-26 ved Wayback Machine.. cedarland.org. Henta 18. august 2014.
  68. Lebanese Company for the Reconstruction of Beirut Central district - Home. Solidere. Henta 18. august 2014.
  69. Business in Beirut City Center. Solidere. Henta 18. august 2014.
  70. Construction @ Lebanon.com - Beirut - BCD: The Program. Lebanon.com. Henta 18. august 2014.
  71. South Souks | Beirut Souks - A new shopping experience. Solidere.com. Henta 18. august 2014.
  72. Beirut (Lebanon) : Economic and political conditions - Encyclopedia Britannica
  73. http://www.lebanonembassyus.org/country_lebanon/economy.html Arkivert 2013-09-08 ved Wayback Machine. Henta 27. november 2010.
  74. "Contact Us Arkivert 2010-01-27 ved Wayback Machine..» Midtausten Airlines. Henta 6. juli 2014.
  75. Out of the Middle East: The Emergence of an arabarar Global Business - Kamal Shair - Google Books
  76. arkivkopi, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 19. august 2014 
  77. «Born-again Beirut». Fairfax Media. 8. januar 2005. Henta 18. august 2014. 
  78. Travel and Leisure: Top 10 Cities Overall
  79. Carrell, Severin (15. oktober 2008). «Lonely Planet guide rates Glasgow as one of the world's top 10 cities». The Guardian (London). Henta 18. august 2014. 
  80. Wise, Zach; Meek/, Miki (11 January 2009). «The 44 Places to Go in 2009 – Interactive Graphic». The New York Times (Beirut (Lebanon);Washington (DC);Galapagos Islands;Berlin (Germany);Las Vegas (Nev);Hawaii;Vienna (Austria);Doha (Qatar);Dakar (Senegal);Phuket (Thailand);Chicago (Ill);Dallas (Tex);Bhutan;Florida Keys;Rome (Italy);Cuba;Penang (Malaysia);Seychelles Islands;Florianopolis (Brazil);Copenhagen (Denmark);Monument Valley;Great Britain;Cologne (Germany);Reykjavík (Iceland);Red Sea;Egypt;Deauville (France);South Africa;India;Kazakhstan;Buffalo (NY);Madagascar;Tasmania (Australia);Stockholm (Sweden);Alaska;Pennsylvania;Zambia). Arkivert frå originalen den 22 April 2009. Henta 5 May 2009. 
  81. Beirut ranks second for visitor spending in region | Business, Lebanon Arkivert 2013-07-23 ved Wayback Machine.. The Daily Star (20 June 2011). Retrieved on 18 December 2012.
  82. «Middle East: Top 5 Cities: Readers' Choice Awards : Condé Nast Traveler». Cntraveler.com. 16 October 2012. Arkivert frå originalen 3. februar 2013. Henta 26 March 2013. 
  83. Lutz, Meris (26. september 2009). «Libanon tourism is back from a holiday». Los Angeles Times. Henta 17. august 2014. [daud lenkje]
  84. «Great Libanon — TIME». TIME. 7. juni 1926. Arkivert frå originalen 20. august 2001. Henta 17. august 2014. 
  85. «Beirut from the sky, Parliament Square, Ryad el Solh square». Libanonpanorama.com. Arkivert frå originalen 10. februar 2009. Henta 17. august 2014. 
  86. «Links». Web.archive.org. 12. oktober 2007. Arkivert frå originalen 12. oktober 2007. Henta 18. august 2014. 
  87. «Beirut's official website». Beirut.gov.lb. Arkivert frå originalen 2. oktober 2009. Henta 17. august 2014. 
  88. 89,0 89,1 Mal:RTFlink, Unesco.org
  89. «NCUSAR Study Abroad Opportunity». Ncusar.org. Henta 14. juni 2010. 
  90. «Educalys website». Educalys.edu.lb. Arkivert frå originalen den 22. juli 2011. Henta 5. september 2011. 
  91. «Transportation & Communication». Ikamalebanon.com. Arkivert frå originalen den 2. januar 2010. Henta 17. august 2014. 
  92. Albert Londres Prizes Arkivert 2007-10-14 ved Wayback Machine., Frankrike Diplomatie
  93. Daily Press Briefing, arkivert frå originalen 9. januar 2008, henta 19. august 2014 , Den franske ambassaden i USA.
  94. (fransk) Les Jeux de la Francophonie au Liban Beyrouth 2009, Libanvision
  95. (fransk) Les Jeux de la Francophonie, Moldavie.fr
  96. 2009 World Book Capital, un.org
  97. Butters, Andrew Lee (17. mars 2009). «Drugs in the Middle east». Times/CNN. Arkivert frå originalen 22. mars 2009. Henta 18. august 2014. 
  98. Sergeant, Mike (13. februar 2008). «Is party over for Beirut's clubbers?». Bfvt. News. Henta 18. august 2014. 
  99. History, National Museum of Beirut
  100. «AUB Museum». Ddc.aub.edu.lb. Arkivert frå originalen den 2. juni 2009. Henta 17. august 2014. 
  101. «Welcome to Robert Mouawad Private museum». Rmpm.info. Arkivert frå originalen den 1. mai 2009. Henta 17. august 2014. 
  102. «Beirut City Center Culture — Planet Discovery». Solidere. Henta 17. august 2014. 
  103. «UMAC Worldwide Database of universitet Museums & Collections». Publicus.culture.hu-berlin.de. Henta 5. september 2011. 
  104. China Ready to Face Tough Task in Asian Cup Bidding, People's Daily
  105. 106,00 106,01 106,02 106,03 106,04 106,05 106,06 106,07 106,08 106,09 106,10 «Twinning the Cities». City of Beirut. Arkivert frå originalen den 21. februar 2008. Henta 13. januar 2008. 
  106. «Isfahan, Beirut named sister cities». MNA. Arkivert frå originalen 12. oktober 2007. Henta 2. mai 2007. 
  107. «Sister Cities of Istanbul». Arkivert frå originalen 27. mai 2009. Henta 8. september 2007. 
  108. «Beirut, Libanon». Lacity.org. Arkivert frå originalen den 2. mai 2009. Henta 17. august 2014. 
  109. «Yerevan - Twin Towns & Sister Cities». Yerevan Municipality Official Website. 2005—2013 www.yerevan.am. Henta 4. november 2013. 
  110. «ԵՐԵՎԱՆԻ ՔԱՂԱՔԱՊԵՏԱՐԱՆՊԱՇՏՈՆԱԿԱՆ ԿԱՅՔ» [Yerevan expanding its international relations] (på armensk). yerevan.am. Arkivert frå originalen 12. mai 2013. Henta 5. august 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Beirut
Reiseguide for Beirut frå Wikivoyage