Misværfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Innløpet til Misværfjorden med Støvsetbrua over til Storøya.

Misværfjorden er ein fjordarm av Skjerstadfjorden i Bodø kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 15 km sørover til Misvær i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Ljønes i vest og bygda Skjerstad i aust. Litt inn i fjorden ligg grendene Hoset på vestsida og Støvset på austsida. Mellom desse stadane ligg Store Sandøya og frå Støvset går det bru over til øya og vegfylling vidare til Hoset. Brua er ein del av Fylkesveg 7488. Innover i fjorden ligg grendene Bu, Oldereid og Enget på vestsida av fjorden. Ved Enget ligg Oldereid kraftstasjon. På austsida ligg grenda Espenes. Inst i fjorden ligg bygda Misvær.

Riksveg 812 går langs nesten heile vestsida av fjorden. På austsida er det mindre vegar, ytst i fjorden Fv7488 og inst i fjorden Fv7484