Mohamed ElBaradei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk


Mohamed ElBaradei [1] (fødd 17. juni 1942) er generaldirektør i det internasjonale atomenergibyrået (IAEA), ein internasjonal organisasjon som er underlagd dei sameinte nasjonane. Han vart i 2005 tildelt Nobels fredspris saman med IAEA.

ElBaradei er fødd i Egypt. Han tok juristutdanning ved Universitetet i Kairo og deretter doktorgrad i internasjonal rett ved New York University School of Law.

Sidan 1984 har han vore eit framtredande medlem av IAEA, der han har hatt fleire viktige stillingar. Han vart generaldirektør i 1997, og attvald til ein andre periode i 2001.

[endre] Nobels fredspris

7. oktober 2005 vart det gjort kjent at Mohamed ElBaradei, saman med IAEA, ville få Nobels fredspris for det året. Den Norske Nobelkomite gav som grunngjeving «arbeidet deira for å hindre at kjernefysisk energi vert brukt til militære føremål». IAEA har konsentrert seg om kampen for å redusere kjernevåpen med sikte på å avskaffe denne typen våpen.

[endre] Fotnotar

  1. arabisk محمدالبرادعئ
Spire Denne Egyptartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk