Molo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Molo av tilhogd stein
Molo av utsprengt stein frå fjell
Armerte betongblokker, type Tetrapod

Ein molo er eit byggverk i sjøen til vern mot bølgjer og uvêr. Dette vernet gir ly og hamn for båtar og kaier. Dei fleste moloar er landfaste i eine enden og går i ei kurve ut frå land, slik at enden tilnærma går parallelt med landsida. Det kan òg væra to moloar som går ut frå land, den eine lenger ut og forbi den andre som gir eit skjerma innløp. Det finst òg moloar som ikkje er landfaste.

Mange moloar er bygd i ei kurve, dette for å sleppa at dei enkelte bølgjene slår til langs heile moloen samstundes, dette for å sleppa skadar på moloen. Nokre moloar er utstyrt med brystvern, fortøyningsringar og leidarar.

Typar[endre | endre wikiteksten]

  • Den vanlegaste og rimelegaste moloen er laga av grovt utsprengt stein frå fjell. Ein slik molo gjev ei slakk og ujamn ytterside som pulveriserer bølgjene. Slike moloar vert nytta ned til 20 meters djupn under fjøre sjø og har ei breidd i toppen frå 3 til 8 meter. Yttersida har ei helling mellom 1:1 og 1:2. Dei vert òg kalla sjeté og krev lite vedlikehald. Ofte er slike sjeteer fundament på botnen der det vert bygd andre konstruksjonar oppå.
  • Moloar vert òg bygd av tilhogd stein, svære betongblokker eller er plasstøypt av armert betong. I slike moloar blir bølgjene ikkje pulveriserte som med moloar av utsprengt stein.
  • Nokre moloar har ei yttersida dekkt med armerte betongblokker som er konstruktert for å pulverisere bølgjene.
  • Senkekassar av armert betong blir òg nytta som moloar. Dei blir laga på land, seinare slept ut og senka ned på ein ferdig planert botn eller eit fundament. Er botnen ujamn eller det er grunt der kassane vert senka må overgangen mellom kassane og botnen dekkast godt til med store blokker for at ikkje uvêr skal gjere skade på moloen. Senkekassane vert fyllt med sand eller stein.
  • Eit alternativ til moloar er flytande bølgjebrytarar. Dei er laga av armert betong og innvendig er dei fyldt med polystyren. Dei vert særleg nytta der det er djupt vatten og stor skjilnad på flo og fjøre
  • Ein trekasse bygd av tømmerstokkar fylt med stein er ein molo brukt frå vikingtida og fram til vår tid.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Molo