Kai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg namnet Kai
Kai (eller bryggje) ved eit fiskebruk i Vardø. Gamle traktordekk vert ofte, slik som her, hengt opp langs kaisida som fenderar mellom skutesida og kaia.
Ilandkøyring av bilar frå bilferja MF «Røst» på ferjekaia på Røst i Lofoten.
Vue du quai d'Ovry. Måleri av Henri Rousseau frå 1907.
Kaianlegg på begge sida av elva Yare i Great Yarmouth. Ein ser fortøya båtar, kranar og lagerbygg.
Foto: Ranveig Thattai

Ei kai er ein oppbygd losse- og lasteplass for båtar langs ei strand eller ein elvebreidde. Kaier kan vera bygde av betong, mur, tre og liknande. Dei er flate oppå og står som ein vegg mot sjøen, slik at det er lett både å fortøye båtar eller skip til kaia, å lagre og transportere varer på kaia, og å laste eller losse båtar og skip.

Ofte vert ordet kai og ordet bryggje nytta om same typar innretningar. Dersom kaia stikk ut i sjøen eller elva på ein måte som gjer at båtar kan leggje til på båe sidene av ho, vert kaia ofte kalla ein pir, ei bryggje eller ein utstikkar.

Bruk av kaier[endre | endre wikiteksten]

Ved ei kai kan ein fortøya og lossa av og på skip, slik at det gjerne ligg heisekranar og lagerbygg i samband med henne. Moderne kaier er ofte lagt til rette for lossing og lasting av konteinarar, og det finst store kaier spesialisert for slik lossing og lasting, med store heistekranar og storer areal til lagring av konteinarne.

Ved kaier for passasjerskip er det ofte billettutsal og venterom for reisande.

Sidan kaia gjev utsyn til vatn, kan ho også nyttast til å spasera langs eller sitja og kanskje også fiska ved. I samband med fiskefartøy kan ein driva med utsal av fisk og skaldyr der. I Paris er kaia langs Seinen kjend for ein annan type utsal les bouquinistes, seljarar av brukte bøker.

Ferjekai[endre | endre wikiteksten]

Ferjekaier er ein særleg type kaier for bilferjer eller jarnbaneferjer, bygd slik at bilar og/eller jarnbanetog kan køyrast inn på og ut or ferja over ei ferjebru/ferjelem som kan hevast og senkast, slik at eine enden kan leggjast på ein avsats på ferja, der det er ein slags krok som held ferjelemen på plass. For bilferjer med stor passasjertrafikk, som til dømes bilferjer i internasjonal trafikk, kan det være sett opp særskilde bygg med bruar over til ferjene for at passasjerane kan gå ombord og frå borde utan å kome i konflikt med ombord- og ilandkjøringa av bilar.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet kai er kome til norsk frå nederlandsk kaai, som har ordet frå fransk quai; dette igjen er henta frå keltiske cae, 'sandbanke' eller 'voll'. På engelsk har det keltiske ordet gjeve opphav både til quay, som tyder 'kai', cay, som tyder 'sandbanke', og key, som blir brukt i Amerika med begge tydingane. På fransk bruker ein quai også om perrongarjarnbanestasjonar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]