Montagne Sainte-Victoire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Montagne Sainte-Victoire
Montagne Sainte-Victoire og Croix de Provence
Montagne Sainte-Victoire og Croix de Provence
Høgd over havet 1 011 m
Ligg i/på Frankrike Frankrike
Fjellkjede Sainte-Victoire-massivet
Koordinatar 43°32′N 05°39′EKoordinatar: 43°32′N 05°39′E

Montagne Sainte-Victoire (på provençalsk oksitansk: Venturi/Santa Venturi eller Ventùri/Santo Ventùri) er eit kalkfjell sør i Frankrike, som strekk seg 18 km mellom departementa Bouches-du-Rhône og Var. Det høgaste punktet er Pic des mouches på 1 011 meter, men det høgaste punktet i Bouches-du-Rhône ligg i Sainte-Baume-massivet.

Fjellet er kjend for å vorte måla fleire gongar av Paul Cézanne.

Croix de Provence er ein topp på fjellet som stikk seg ut. Det er ein 19 meter høg bergutvekst forma som eit kors.

[endre] Historie og turisme

Opphavleg kalla montagne de la Victoire vart fjellet kjend for kristne i mellomalderen som Sainte-Venture. På 1200-talet vart det bygd eit kapell på toppen. Det var først på 1600-talet at fjellet fekk sitt noverande namn.

I 1989 brant 5 000 hektar på sørsida av fjellet ned som følgje av ein skogbrann. Ein har gjort mykje for å gjenplante desse områda, men vegetasjonen er ikkje like tett som han var før brannen.

[endre] Kunstnarar

I tillegg til Cézanne har Montagne Saint-Victoire inspirert mange andre kunstanarar, som:

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom
Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk