Monte Zebrù

Koordinatar: 46°29′36″N 10°32′53″E / 46.49333°N 10.54806°E / 46.49333; 10.54806
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Monte Zebrù
fjell
Monte Zebrù i midten, med Königspitze til venstre og Ortler til høgre
Land  Italia
Fjellkjede Ortleralpane
Høgd 3 735 moh.
Førstestiging 1866
Koordinatar 46°29′36″N 10°32′53″E / 46.49333°N 10.54806°E / 46.49333; 10.54806
Kart
Monte Zebrù
46°29′36″N 10°32′53″E / 46.493333333333°N 10.548055555556°E / 46.493333333333; 10.548055555556
Wikimedia Commons: Zebrù

Monte Zebrù er eit 3 735 meter over havet høgt fjell i Ortleralpane, på grensa mellom provinsane Bolzano og Sondrio i Italia. Fjellet består av to toppar, nordvesttoppen er 11 meter høgre enn sørausttoppen (3 724 moh). Dei to toppunkta er i kring 400 meter frå einannan, mellom dei strekker seg ei for det meste skavldekt egg. Frå hovudtoppen går skarpe egger over mot dei høgste fjelltoppane i Ortleralpane, i sør Königspitze og i nord Ortler. Også desse eggene består av kvasse skavlar.

Toppen av Monte Zebrù vart nådd fyrste gongen den 29. september 1866. Fjellføraren Johann Pinggera frå Sulden var då i fylgje med den austerrikske-ungarske alpeforskaren og kartografen Julius Payer. Toppen er i dag rimeleg lett å nå frå Rifugio Quinto Alpini og eit ynda utsiktspunkt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]