Ortleralpane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ortleralpane
tysk Ortler-Alpen
italiensk Gruppo dell'Ortles-Cevedale
Fjellkjede
none  Ortler
Ortler
Land Flag of Switzerland.svg Sveits, Flag of Italy.svg Italia
Del av Dei sørlege kalksteinsalpane
Grensar til Livignofjella, Adamello-Presanella
Høgaste punkt Ortler
 - høgd 3 905 moh
 - koordinatar 46°30′32″N 10°32′42″E
Ortleralpane sett frå 10 000 moh
Panoramautsyn frå Monte Vioz

Ortleralpane (italiensk Gruppo dell'Ortles-Cevedale) er ei fjellkjede i Dei sentrale Alpane i Italia. Dei vert rekna som ein del av Dei sørlege kalksteinsalpane

Ortleralpane grensar til Livignofjella i nordvest ved Stelviopasset og Addadalen (Valtellina), til Adamello-Presanella i sør ved Tonalepasset og til Ötztaleralpane i nordaust ved den øvre Adigedalen (Vinschgau-Val Venosta). Delen vest for Gaviapasset vert òg kalla Sobretta-Gavia-gruppa.

Vatn i Ortleralpane renn ut i elvane Adda, Oglio, Adige og sideelva hennar Noce.

Fjelltoppar[endre | endre wikiteksten]

Dei høgaste fjelltoppane er Ortleralpane:

Fjelltopp (italiensk) (tysk) Høgd (moh)
Ortles Ortler 3 905
Gran Zebrù Königspitze 3 857
Monte Cevedale Zufallspitze 3 774
Monte Zebrù 3 735
Palón della Mare 3 705
Punta San Matteo 3 692
Punta Thurwieser Thurwieserspitze 3 641
Pizzo Tresero 3 602
Cima Vertana Vertainspitze 3 541
Punta delle Bàite Tuckettspitze 3 458
Cima Venezia Veneziaspitze 3 384
Croda di Cengles Tschenglser Hochwand 3 378
Monte Confinale 3 370
Monte Sobretta 3 296

Fjellovergangar[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste fjellovergangane i Ortleralpane er:

Fjellovergang Stad Type Høgd (moh)
Hochjoch Sulden til Zebrùdalen snø 3536
Viozpasset Santa Caterina Valfurva til Peio snø 3337
Königsjoch Sulden til Santa Caterina snø 3295
Cevedalepasset Santa Caterina til Martell snø 3271
Eisseepasset Sulden til Martell snø 3133
Passo del Zebru Santa Caterina til Zebrùdalen snø 3025
Sallentjoch Martell til Bagni di Rabbi snø 3021
Sforzellinapasset Santa Caterina til Peio snø 3005
Tabarettascharte Sulden til Trafoi sti 2883
Stelviopasset/Stilfserjoch Trafoi til Bormio veg 2760
Gaviapasset Santa Caterina til Ponte di Legno veg 2637

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 46°26′53″N 10°37′15″E