Ortler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ortler
Ortler - Ortler sett frå nordryggen
Ortler sett frå nordryggen
Høgd over havet 3 905 moh
Ligg i/på Sør-Tyrol i Italia
Fjellkjede Ortleralpane
Primærfaktor 1 953 moh
Koordinatar 46°30′32″N 10°32′42″EKoordinatar: 46°30′32″N 10°32′42″E
Førsteklatring 27. september 1804

Ortler (italiensk Cima Ortles) er eit fjell i Ortleralpane i Italia med ei høgd på 3 905 meter over havet. Det er det høgaste fjellet i Dei austlege Alpane utanom Berninafjella, og i Dei sørlege kalksteinsalpane. Fram til 1919 var fjellet ein del av Austerrike-Ungarn.

Det ligg ein isbre på nordvestsida av fjellet, som har ein lang rygg nordover som endar ved landsbyen Gomagoi og som ligg mellom dalane Trafoi og Sulden. Sørryggen fører til Hochjoch (3527 m). Vestover langs hovudryggen finn ein fjelltoppane Thurwieser Spitze (3652 m) og Trafoier-veggen (3565 m), medan ein søraustover finn Monte Zebrù (3740 m) og det majestetiske Königspitze (3859 m).

Klatring[endre | endre wikiteksten]

Ortler vart ført klatra av Josef Pichler, ein gemsejaktar frå St. Leonhard in Passeier, og kompanjongane Johann Leitner og Johann Klausner frå Zell am Ziller den 27. september 1804. Klatringa kom etter ønske frå erkehertug Johann av Austerrike, som følte at etter førsteklatringa av Großglockner (3 798 m) i 1800, så burde òg det høgaste fjellet i broren sitt rike òg klatrast. Erkehertugen gav ordre til Johannes Nepomuk Gebhard om å klatre fjellet med lokale folk. Dei første fem forsøka gjekk ikkje og Gebhard var i ferd med å gje opp, då Pichler svarte på tilbodet om prispengar for å nå toppen. Pichler og venene hans tok ei vanskeleg og svært rasfarleg rute, som på grunn av snørasfaren har vore lite nytta, langs nordvestsida frå Trafoi.

Då dei kom tilbake vart dei ikkje trudd og Gebhard sende Pichler to gonger til opp fjellet, i august 1805 med eit flagg som ein kunne sjå med teleskop frå dalen, og i september 1805 med ein stor fakkel. Først etter at fakkelen vart observert brennande om natta vart oppdraget godkjend.

Den første verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Ortleralpane var ei slagmark mellom austerrikske og italienske troppar under den første verdskrigen, sidan det låg på grensa mellom dei to landa. Fordelen med å ha den høgaste toppen var svært viktig. Dei austerrikske troppane hadde raskt okkupert dei høgaste toppane og i fire år prøvde italienarane å presse dei bort frå desse posisjonane. På midten av 1990-talet oppdaga ein fjellguide to kanoner som hadde vore gøymd under snøen sidan den gong.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ortler

Kjelde[endre | endre wikiteksten]