Morgonsong
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Morgonsong eller laudes, latin for 'lovprisingar', er ei av morgonens tidebøner, eller ei gudsteneste halden om morgonen, med liturgi som byggjer på den katolske laudes.
Tidebøna har namn etter opningsorda i salmane 148-150,[1] som opnar med orda Lovsyng Herren. [2] I den katolske kyrkja er laudes og vesper dei viktigaste tidebønene.
Liturgi [endre]
I den katolske kyrkja vert laudes lesen på latin. Morgonsongen har i norsk form fått plass i Gudstenestebok for den norske kyrkja.[3] Liturgien for morgonsongen inneheld følgjande ledd:
- Innleiing
- Morgonsalme
- Bibelske salmar – ein, to eller tre bibelske salmar; anten frå Salmane eller ein annan bibelsk salme i bunden form
- Tekstlesing
- Preike eller tekstmeditasjon
- Sakarjas lovsong (Benedictus) – dette leddet er høgdepunktet i laudes
- Bøn
- Herrens bøn
- Slutningssalme
- Avslutning – lovprising, velsigning og evt postludium.
Referansar [endre]
- ↑ Cappelens musikkleksikon (1980) ISBN 82-02-03690-9
- ↑ Salme 148,1
- ↑ Gudstenestebok for Den norske kyrkja del I Gudstenester ISBN 82-543-0507-2