Mount Drygalski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 53°2′S 73°23′E
Mount Drygalski
fjell
Land Flag of Australia.svg Australia
Topp Heardøya i Indiahavet
 - høgd 210 moh
 - koordinatar 53°2′S 73°23′E

Mount Drygalski er ein isfri ås, 210 meter over havet, som ligg 0,7 nautiske mil søraust for Atlas Cove, nær nordvestenden av Heardøya i det sørlege Indiahavet. Åsen vart grovt kartlagd på eit skissekart frå 1882 teikna av fenrik Washington Irving Chambers ombord på USS «Marion» i løpet av redninga av det forliste mannskapet på den amerikanske selskuta «Trinity». Han vart meir nøyaktig kartlagd og namngjeven av Den første tyske antarktisekspedisjonen i 1902. Professor Erich von Drygalski, leiaren for den tyske ekspedisjonen, var eit medlem av laget som gjekk i land og undersøkte området mellom Rogers Head og toppen av dette fjellet.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Drygalski, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).