Heard- og McDonaldøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 53°6′0″S 73°31′0″E
Heard- og McDonaldøyane
øygruppe
none  Satellittbilete av sørenden av Heardøya. Cape Arkona ligg til venstre i biletet med Liedbreen like ovanom og Gotleybreen like nedanfor. Vulkanen Big Ben og Mawson Peak er nedst til høgre på biletet.
Satellittbilete av sørenden av Heardøya. Cape Arkona ligg til venstre i biletet med Liedbreen like ovanom og Gotleybreen like nedanfor. Vulkanen Big Ben og Mawson Peak er nedst til høgre på biletet.
Kallenamn: HIMI
Land Flag of Australia.svg Australia
stad Indiahavet
 - koordinatar 53°6′0″S 73°31′0″E
Høgaste punkt Mawson Peak
 - høgd 2 745 moh
Areal 372 km²
Folketal 0 (1 januar 2011)
Verdsarvstad
Namn Heard- og McDonaldøyane
År 1997 (#21)
Nummer 577
Region Asia-Stillehavet
Kriterium Naturleg
IUCN kategori viii, ix
Øyar 2
Plasseringa til Heard- og McDonaldøyane
Plasseringa til Heard- og McDonaldøyane

Heard- og McDonaldøyane (engelsk Heard Island and McDonald Islands) er ei vulkansk øygruppe heilt sør i Indiahavet, like nord for grensa til Sørishavet. Øyane høyrer til Australia, men er folketomme. Øygruppa har lege på verdsarvlista til UNESCO sidan 1997.

Gruppa dekkjer i alt 372 km² og har ei kystlinje på i alt 101,9 km. Dei vart oppdaga midt på 1800-talet og har vore ein del av Australia sidan 1947. Dei einaste to aktive vulkanane i Australia ligg på desse øyane. Toppen av den eine, Mawson Peak, er det høgaste punktet i dei australske områda. Øyane ligg på Kerguelenplatået i Indiahavet.

Øyane er av dei mest fjerntliggande stadane på jorda og ligg kring 4099 km sørvest for Perth i Vest-Australia,[1] 3845 km sørvest for Cape Leeuwin i Australia, 4200 km søraust for Sør-Afrika, 3830 km søraust for Madagaskar, 1630 km nord for Antarktis og 450 km søraust for Kerguelen.[2]

Øygruppa har eit rikt plante- og dyreliv, m.a. finst det store mengder sel her. Det er ikkje blitt bygt noka skipshamn på øyane, så alle skip må kasta anker ute i sjøen. I nærleiken av øyane finst ei stor mengd med skipsvrak.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Heard- og McDonaldøyane

Heardøya er den klårt største i øygruppa med 368 km² og er ei forblåst og fjelldominert øy som ved 53°06′00″S 73°31′00″E. Fjella er dekte av isbrear og i alt er 80 % av øya isdekt[3]). Mawson Peak, med ei høgd på 2745 meter over havet, dominerer øya. Fjellet er ein høg kompleks vulkan som dannar ein del av Big Ben-massivet. Eit satelittbilete frå juli 2000 synte ein 2 km lang og 50-90 meter lang aktiv lavastraum som rann sørvestover frå toppen av Big Ben.

Mawson Peak er ein av berre to aktive vulkanar i australsk territorium og den andre er McDonaldøya. Det er òg det høgaste australske fjellet (høgare enn Mount Kosciuszko) og berre fjell i Australsk Antarktis.[4] Ei lang tynn, sand- og grustunge kalla Elephant Spit, strekkjer seg utover frå austenden av øya. Det er ei lita gruppe holmar og skjer kring 10 km nord for Heardøya, som består av Shag Islet, Sail Rock, Morgan Island og Black Rock. I alt dekkjer dei 1,1 km².

McDonaldøyane ligg 44 km vest for Heardøya ved 53°02′20″S 72°36′04″E. Øyane er små og berglendte. I 1980 bestod dei av McDonaldøya (186 m høg), Flat Island (55 m høg) og Meyer Rock (170 m høg). I alt dekte dei 2,5 km², der McDonaldøya var 1,13 km² stor.

Vulkanen på McDonaldøya var sovande i 75 000 år, men vart aktiv att i 1992 og har hatt fleire utbrot sidan den gong. Eit satellittbilete frå 2004 synte at McDonaldøya hadde vokse saman med Flat Island og generelt vorte dobbelt så stor som i 1980. Som følgje av den vulkanske aktiviteten mellom november 2000 og slutten av 2001 vart arealet til McDonaldøya 2,45 km² og den høgaste toppen var no minst 230 meter høg.[5] Vulkanen øydela derimot nesten all vegetasjon på øya.[6] Det siste utbrotet trur ein var 10. august 2005

Heardøya og McDonaldøyane har ingen hamner så skip må ankre opp utanfor øyane. Kystlinja er 101,9 km og Australia har gjort krav på ei 12 nautisk mil stort territorialfarvatn og ei 200 nautisk mil stor eksklusiv fiskesone.[3]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Øyane har polarklima, men temperert på grunn av plasseringa i havet. Vêret er prega av små temperatursvingingar mellom årstidene og gjennom døgnet, og øyane har som regel eit lågt skydekke med ein god del nedbør og kraftig vind. Dei månadlege middeltemperaturane ved Atlas Cove nordvest på Heardøya varierer frå 0.0 °C til 4.2 °C, med ein døgnleg variasjon på 3,7 °C til 5,2 °C om sommaren og -0,8 °C til 0,3 °C om vinteren. Vindane er hovudsakleg vestleg og kraftig. Ved Atlas Cove varierer den månadlege normale vindstyrken i snitt mellom 7 til 9 m/s. Ein har målt vindkast på 50 m/s. Den årlege normalnedbøren på Heardøya er kring 1300 til 1900 mm og det kjem regn eller snø 3 av 4 dagar.[7]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den britiske selfangaren Peter Kemp skal ha vore den fyrste som fekk sjå Heard Island. Dette skjedde i 1833. Tjue år seinare fekk øya namn etter ein amerikansk selfangar, John Heard, som oppdaga øya den 25. november 1853 på veg frå Boston til Melbourne. Seks veker seinare, den 4. januar 1854 oppdaga kaptein William McDonald øygruppa som har fått namn etter han. Øyane vart opphavleg underlagt Storbritannia.

I 1855 gjekk menneske i land på Heard Island for fyrste gong, og det vart starta ei intensiv seljakt fram til 1880. I denne perioden var det ei gruppe amerikanske selfangarar busette seg på Heard Island eitt års tid, der dei budde i små, mørke hytter. På det meste bestod dette samfunnet av 200 menneske. I 1880 var mesteparten av selen utrydda frå øya, og selfangarane forlét øygruppa. Ein reknar med at det vart produsert om lag 100.000 tunner med elefantselolje i denne 25-årsperioden.

I 1947 gav Storbritannia øygruppa til Australia. Ingen hadde greidd å stiga i land på McDonald Island før i 1971, då dei australske forskarane Grahame Budd og Hugh Thelander landa her ved hjelp av helikopter.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]