Muddervulkan
Muddervulkan, slamvulkan eller dynnvulkan er leire eller anna finkorna mineralsk materiale som oppstår der gassar saman med vatn strøymer ut av jordoverflata. Gassane kan ha vulkansk opphav, men kan vere hydrokarbonar frå grunne gass- og oljeførekomstar. Temperaturen er langt lågare i desse prosessane enn dei ein finn i eldvulkanar.
Om lag 20 % av gassen som vert sleppt ut frå desse vulkanane er metan, med noko karbondioksid og nitrogen. Materialet som kjem ut er ofte mudder eller gjørme.
Nyleg har ein òg oppdaga mogeleg muddervulkanar på Mars.[1]
Ein kjenner til om lag 1100 muddervulkanar, men reknar med at det finst langt fleire. Mange er undersjøiske og derfor godt skjulte. Vulkanane opptrer særleg i geologisk aktive område der kontinentalplatene vert pressa ned under kvarandre.
Dei fleste muddervulkanen finn ein rundt Kaspihavet i Aserbajdsjan. Særleg kjend er Lokbatan, som ligg om lag 15 km frå hovudstaden Baku. Vulkanen sjølvantente i 2001 og eksploderte.
På øya Java bora ein i 2006 etter gass då dette utløyste muddervulkanen Lusi og ein enorm mudderstraum på opp mot 170 000 m³ per døgn. Eit areal på 25 km² vart oversvømd, inkludert åtte landsbyar. 13 personar mista livet i hendinga.
Sjå òg [endre]
- Asfaltvulkan
- Black smoker
- Hydrotermal ventil
- Lahar - mudderstraum
- Metanhydrat
- Sandvulkan
- Undersjøisk fjell
- Vulkan - eldvulkan
Kjelder [endre]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Mud volcano» frå Wikipedia på engelsk, den 26. september 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Mars domes may be 'mud volcanoes'». BBC. 26. mars 2009.
- Store norske leksikon, snl.no, «»
Bakgrunnsstoff [endre]
- Bulletin Of Mud Volcanology Azerbaijan Academy Of Sciences (engelsk)
- Azeri mud volcano flares - 29. oktober 2001, BBC-artikkel
- Mud volcano floods Java, august 2006
- Possible mud volcano on Mars (BBC News)