Murano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Murano i Venezialagunen

Murano vert vanlegvis omtalt som ei øy i Venezialagunen, men som sjølve Venezia består ho av ei øygruppe som er knytt saman via bruer. Ho ligg om lag 1,5 km nord for Venezia og er kjend for glasmaking, særleg lampar.

Utsyn frå ei bru på Morano over Canal Grande di Murano

Murano vart busett av romarar og så frå 500-talet av folk frå Altino og Oderzo. Først blømde øya som ein fiskelandsby og med produksjon av salt. Ho var òg eit handelssenter, sjølv om hamna var styrt av Sant'Erasmo. Frå 1000-talet vart det nedgangstider då innbyggjarane flytta til Dorsoduro. Ho styrte i starten seg sjølv, men frå 1200-talet vart ho styrt av ein podestà frå Venezia. I motsetnad til dei andre øyane i lagunen prega Murano sine eigne myntar.

Glas frå Murano

I 1291, måtte alle glasmakarane i Venezia flytte til Muran under tvang på grunn av brannfaren. Det neste hundreåret byrje ein med eksport og øya vart kjend, først for glasperler og speglar. Aventuringlas vart funne opp på øya og ei stund var Murano den største produsenten av glas i Europa. Øya vart seinare kjend for lysekronene. Sjølv om ikkje glasmakinga vart like viktig på 1700-talet er det framleis hovudnæringa på øya.

Santa Maria e San Donato på Murano

1400-talet vart øya ein populær feriestad for venetianarane og det vart bygd palass, men populariteten minka etter kvart. Landsbygda på øya var kjend for frukt- og grønsakshagane fram til 1800-talet då fleire hus vart bygd.

Av attraksjonar på øya finn ein Santa Maria e San Donato-kyrkja, kjend for det austromerske mosaikkgolvet frå 1100-talet og skal visstnok huse beina til ein drake som vart drepen av St. Donatus, San Pietro Martire-kyrkja med det flotte kapellet bygd av Ballarin-familien i 1503, og Palazzo da Mula.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Murano

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 45°27′30″N 12°21′12″E