Spegel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg den russiske filmen Zerkalo, som har den norske tittelen Speil
Spegelen gjev ein perfekt refleksjon av vasen og omgjevnadane hans.

Ein spegel er eit objekt som reflekterer lys svært bra. Ein god spegel har til dømes ingen farge, for han absorberer ingen bølgjelengder av lyset. I refleksjonen kan ein sjå spegelbiletet av det som er framfor spegelen, som virtuelle objekt som ser ut som dei ligg bakom spegelen.

I eit spegelbilete er bak og fram spegla i høve til originalobjektet, dvs. at det virtuelle objektet ser ut til å vera snudd motsett veg. Dersom spegelen er bua innover (som t.d. innsida av ei sylvskei), kan òg høgre/venstre (og opp/ned) byta plass.

Narcissus frå gresk mytologi brukte mykje av tida på å spegla seg. Måleri av Caravaggio.

Dei fleste menneske nyttar (flate) speglar til dagleg, m.a. for å sjå korleis dei sjølve ser ut. I tidlege tider brukte menneska berre vassyter eller metallplater som speglar, men på 1300-talet fann italienarane opp ein spegel laga av glas. Metoden dei brukte, vart vakta som ein viktig løyndom, og i århundre var Venezia den einaste staden i verda der glasspeglar vart produsert.

I dag veit me at venetianarane laga speglane sine på denne måten: Dei hamra nyblåste, klåre glasflaskar flate medan glaset enno var mjukt, og dekte eine sida av glaset med ei legering av tinn og kvikksølv, kjevla flatt og glatt. For å festa metallet til glaset, måtte det liggja i press under tunge jarnvekter i minst ei veke, og deretter kunne dei la det overskytande kvikksølvet renna av.

I 1665 reiste sjefsministeren til Ludvig XIV av Frankrike til Italia og muta – med fare for dødsstraff – 18 venetianske spegelmakarar til å flytta til Frankrike. Like etter vedtok Frankrike ei lov som gjorde det forbode å importera venetianske speglar.

Spegelsalen i Versailles.

Tre år seinare vart glasruta funnen opp av ein franskmann ved namn Louis Lucas. Han oppfann ein metode for å hella flytande glas utover eit jarnbord og kjevla det flatt med ei jarnkjevle. Med denne metoden kunne ein laga mykje større speglar, og Frankrike vart snart vidkjent for speglane sine. Ein svært nøgd Ludvig XIV kjøpte inn 700 speglar og dekorerte ein heil korridor i palasset i Versailles med dei.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Spegel