Musselin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Musselin er eit tynt og gjennomsynleg stoff.
Marie Antoinette i musselinkjole, måla av Élisabeth Vigée Le Brun i 1783.

Musselin (frå arabisk mausili, 'frå Mosul') er eit svært tynt vove bomullstekstil som blei frakta til Europa frå byen Mosul i dagens Irak på 1600-talet. Stoffet blei særleg populært som kjolestoff i Frankrike på 1700-talet og byrjinga av 1800-talet. Det har seinare særleg blitt brukt til kjolar og gardin.[1]

Langt tidlegare er stoffet kjent frå Bengal, der det kanskje opphavleg blei laga. I Periplus Maris Erythraei frå det første hundreåret e.Kr. er musselin nemnt som ei eksportvare frå Bengal, og i det åttande hundreåret skryt den arabiske handelsmannen Sulaiman i Salsilatu-t Tawarikh av eit svært tynt bomullsstoff frå Bengal som han ikkje har sett maken til andre stader.[2]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok. Bd 18, Svensk Uppslagsbok AB, Malmö 1937, s. 374. 
  2. Ahmad, S. «Rise and Decline of the Economy of Bengal» (PDF). Asian Affairs 27 (3): 5–26. Arkivert frå originalen (PDF) 11. mars 2016. Henta 17. november 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Musselin