Mut i Tyrkia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 36°38′N 33°26′E
Mut
by
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Region Middelhavsregionen
Provins Mersin
koordinatar 36°38′N 33°26′E
Folketal 28 842 (2010)
Turkey location map.svg
Locator Red.svg

Mut er ein by og eit distrikt i provinsen Mersin i Tyrkia. Byen har kring 30 000 innbyggjarar.

Mut er eit landleg distrikt ved foten av Sertavul-passet langs vegen over Taurusfjella frå Ankara og Konya til kysten av Middelhavet ved Anamur eller Silifke. Mut er kjend for ein spesiell variant av aprikosen, og ein statue av ei jente som ber ei korg med desse aprikosane står ved inngangen til byen.

Området har vore busett sidan hettittane var her, kring 2000 fvt. og vart sidan ein del av Kilikia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]