Konya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 37°52′N 32°29′E
Konya
by
none  Mevlana museum (1274) i Konya
Mevlana museum (1274) i Konya
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Region Sentral-Anatolia
Provins Konya
høgd 1 200 moh
koordinatar 37°52′N 32°29′E
Areal 39 000 km²
Folketal 1 073 791 [1]
Tettleik 28 / km²
borgarmeister Tahir Akyürek
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 42XXX
Retningsnummer (+90) 332
Turkey location map.svg
Locator Red.svg
Nettstad: www.konya.bel.tr

Konya (eller Koniah, Konieh, Konia og Qunia; førtyrkisk namn Iconium, Konya) er ein by i Sentral-Anatolia i Tyrkia. Han er den sjuande største byen i landet med like over ein million innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Konya er ein by frå antikken. Det nye testamentet bevitner at han vart vitja av apostelen Paulus. Han vert òg rekna som fødestaden til den heilage Tekla.

Frå 1097 til 1243 var den hovudstaden for dei seldsjukkiske tyrkiske sultanane av Rüm, men det kom mellombels under krossfararane Godfred av Bouillon (august 1097) og Fredrik Barbarossa (18. mai 1190).

Konya nådde høgdepunktet i velde og rikdom mellom 1205 og 1239 då sultanane kontrollerte heile Anatolia, Armenia, delar av Midtausten omfram Krim. I 1219 vart byen fylt av flyktningar frå Khwarezmideriket i Persia. Dei flykta unna mongolane som hadde nedkjempa shahen av Khwarezmid, Muhammad II. I 1243 vart òg Konya erobra av mongolane. Byen vart hovudstad for ein tyrkisk marionettstat under den mongolske krigsherre Möngke Khan.

Etter sultanatet Rüm fall var Konya eit emirat frå 1307 til 1322, då byen vart erobra av karamanidane. I 1420 vart Karamanid erobra av Det osmanske riket og i 1453 vart Konya provinshovudstad for den osmanske provinsen Karamanid.

Både Saladin og den ottomanske sultan Selim II bygde moskéar i Konya.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Konya har eit kontinentalklima med kalde, snørike vintrar og varme, tørre somrar.[2] Det kjem mest regn på våren og hausten. Under Köppen si klimaklassifisering har byen eit halvtørt klima (Köppen BSk).[3] Sommartemperaturen er kring 30 ºC. Varmerekorden i Konya er 40,6 ºC og 30. juli 2000. Om vinteren er temperaturen kring -4 ºC. Kulderekorden i byen er -25,8 ºC den 25. januar 1989.

Klimadata for Konya
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 4.6 6.7 12.0 17.4 22.3 26.9 30.3 30.3 26.3 20.0 12.5 6.2 17 96
Normal min. temp. °C -4.1 -3.5 -0.1 4.5 8.6 13.0 16.3 15.9 11.4 6.3 0.7 -2.4 -4,1
Nedbør (mm) 34.7 24.5 25.9 38.9 41.1 20.9 8.9 7.4 13.6 33.4 37.8 43.2
relativ fukt 76 72 62 55 53 48 41 39 47 58 70 78 58,3
Normal mengd regndagar 5 6 5 6 7 5 1 2 2 5 5 7 56
Normale månadlege solskinstimar 96.1 126 189.1 207 266.6 312 347.2 341 288 220.1 150 93 2 636,1
Kjelde nr. 1: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [1]
Kjelde nr. 2: Hong Kong Observatory [2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Konya
  • Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Konya frå Wikivoyage