Ankara
| Ankara | |
|---|---|
| Styresmakter | |
| Land | Tyrkia |
| Borgarmeister | Melih Gökçek |
| Geografi | |
| Flatevidd - By |
2,516 km² |
| Innbyggjarar - By (2010) - folketettleik |
4,582,000 1,551.00/km² |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Høgd over havet | 938[1] m |
| Tidssone | UTC +2 (UTC+3) |
| Diverse anna | |
| Nettstad: http://www.ankara.bel.tr/ | |
Ankara (tidlegare namn Angora og i antikken Ancyra) er hovudstaden i Tyrkia, og ha vore det sidan. Tidlegare var Konstantinopel (Istanbul) hovudstad i Det osmanske riket. Byen ligg i sentrale Anatolia og ligg 938 meter over havnivå.[1] Den er òg hovudstaden i provinsen med same namn. Den hadde 4 582 000 innbyggjarar i 2010 og er den nest største byen i Tyrkia.
Byen kan førast attende til antikken, og var hovudstad i den romerske provinsen Galatia i det Romarriket frå år 25 fvt og seinare ein del av det Bysantinske riket. Fram til år 1073 var byen styrd frå Konstantinopel, med nokre få avbrot. Seldsjukk-tyrkarane erobra byen i 1073. Byen var erobra av Orhan i år 1356 og vart ein del av Det osmanske riket. I august i år 1402 stod slaget ved Ankara mellom den ottomanske sultanen Beyazit I av det osmanske riktet og mongolske Timur Lenk. Ankara vart hovudstad i Tyrkia etter den tyrkiske fridomskrigen i 1923.
Byen er er eit viktig industrielt og kommersielt senter og er sete for den tyrkiske regjeringa og nasjonalforsamlinga. Det er òg fleire universitet i byen.
Nemninga «angorakatt» på katterasen Balines har sitt utspring frå det eldre namnet på byen.
[endre] Klima
Ankara, har et tørt kontinentalt steppeklima med kalde vintre og varme og tørre somre. Torevêr har ein som oftast seint på våren. Frå juli av kjem det om lag ingen nedbør før i september. Vinteren er og snørik. Sidan Antaolia er så pass tørr har ein ofte store temperatursvingingar her. Berre i august har Ankara hatt temperaturar på både 4 °C og over 35 °C. Ankara har ein normal årsnedbør 415 mm.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Referansar