Mykale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 37°40′N 27°05′E
Mykale
Samsun Daği
fjell
none  Fjellsida av Mycale bak Priene
Fjellsida av Mycale bak Priene
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Provins provinsen Aydin
Fjellkjede Aydinfjella
høgd 1 237 moh
koordinatar 37°40′N 27°05′E
Turkey location map.svg
Locator Red.svg

Mykale (gammalgresk Μυκάλη), kalla Samsun Daği og Dilek Daği i det moderne Tyrkia, er eit fjell på vestkysten av Anatolia i Tyrkia, nord for munningen av Menderes og skild frå den greske øya Samos av det 1300 meter breie Samossundet. Fjellet dannar ein rygg som endar ved neset som i antikken vart kalla Trogilium.[1] Det ligg fleire strender på nordsida av fjellet, medan sørsida hovudsakleg er ein skrent.

Delar av fjellet Mykale, sett frå ruinane av Priene
Kart over Mykale med kystlinjeforskyvninger sidan antikken.

I den greske antikken var heile fjellryggen eit nes som var omgjeve av Egearhavet. Geopolitisk var han ein del av Jonia med den greske byen Priene plassert ved kysten av sørflanken til fjellet og Miletos ved kysten på motsett side i sør tvers over den djupe bukta som elva Menderes hadde skapt. Lengre nord låg byen Efesos.

Ruinane av dei første to nemnde joniske byane med hamneanlegga deira finst framleis, men er i dag fleire kilometer lengre inn i landet med utsikt over ei rik jordbruksflate og grasland som oppstod grunna avsetjingar frå elva, som heldt fram å danne det geografiske trekket med vide elvesvingar som denne elva har gjeve namn til, meander. Enden av den tidlegare bukta er i dag ein innsjø, Çamiçi Gölü (Bafasjøen).

Heile fjellryggen vart gjort om til ein nasjonalpark på 109,85 km, Dilek Yarimadisi Milli Parki («Dilekhalvøyas nasjonalpark») i 1966, og som er delvis tilgjengeleg for publikum. Resten er reservert av det tyrkiske militæret. Den isolerte plasseringa av parken har oppmuntra til å gå tilbake til den innfødde økologien, som er 60 prosent kratt og underskog. Dette området er eit verneområde for artar som tidlegare var meir utbreidd i regionen.

Slaget ved Mykale[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå slaget ved Mykale.

I det rundt 13 km breie sundet mellom Samos og utløpet av fjellryggen Mykale, odden Trogylion, sigra grekarane under Leotykides (konge av Sparta) og Xanthippos (statsmann frå Aten) den persiske flåten i eit stort sjøslag i år 479 f.Kr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Smith, William (1850). «Mycale». New Classical Dictionary of Biography, Mythology and Geography. John Murray. . Downloadable Google Books.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]