Hellas i antikken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Akropolis i Aten sett frå Zevs-tempelet i søraust. Mange polis-byar hadde sin Akropolis

Antikkens Hellas er den perioden i gresk historie som femner mykje av Middelhavs- og Svartehavsbassenga og som varte i nesten tusen år, til kristendomen kom. Perioden blir av dei fleste historikarane sedd som grunnleggjarkulturen i den vestlege sivilisasjonen. Gresk kultur var ein stor innverknad på Romarriket, som bar ein versjon av han til mange delar av Europa.

Sivilisasjonen til dei gamle grekarane har hatt umåteleg stor innverknad på språket, politikken, utdanningssystema, filosofien, vitskapen, kunsten og arkitekturen i den moderne verda, kveikte renessansen i Vest-Europa og kom opp att under ymse ny-klassiske periodar på 1700- og 1800-talet i Europa og Amerika.


«Antikkens Hellas» er termen bruka for å skildre den gresk-språklege verda i antikken. Termen refererer ikkje berre til den geografiske halvøya som er det moderne Hellas, men òg til område med hellensk kultur som vart folkesette i antikken av grekarar: Kypros og Egeear-øyane, kysten av Egearhavet kalla Anatolia (da kjend som Ionia), Sicilia og Sør-Italia (kjende som Stor-Hellas), og dei spreidde greske busettingane på kysten av Illyria, Thrakia, Egypt, Cyrenaica, Sør-Frankrike, aust og nordaust på den iberiske halvøya, Iberia og Taurica.

Hellas[endre | endre wikiteksten]

I fleire hundreår rundt starten på vår tidsrekning var gresk og hellenistisk kultur den dominerande i det «siviliserte» Europa. Gresk kultur breidde seg frå grensene til persarriket i aust, rundt Svartehavet og Middelhavet og inn på den italienske halvøya, der ein liten bystat på nokre få tusen innbyggjarar skulle utvikle seg til å verte republikken Roma rundt 500 fvt. Der byrjar den historiske epoken vi i dag omtalar som Antikken, og den varer om lag fram til Vest-romarriket bryt saman i 476 evt. Heilt enkelt seier ein at Antikken er perioden mellom 500 fvt. og 500 evt.

Før polisstatane[endre | endre wikiteksten]

Den mykenske høgkulturen[endre | endre wikiteksten]

Løveporten i Mykene

Epoka mellom 1600 og 1100 fvt. i gresk historie er oppkalla etter utgravingsstaden Mykene, der arkeologar første gong fann restar etter høgkulturane. Arkeologane går ut frå at byen vart grunnlagd av greske folkegrupper, men trur ikkje at namnet, Mykene, opphavleg er gresk og reknar det som ei arv grekarane tok frå den tidlegare folkesetnaden i området. Byen vart truleg tufta so tidleg som 1500 fvt.

Mykene var ein imponerande by, og byggverka viser at området har vore tilhaldsstad for ein særs utvikla palasskultur. Byggestilen til festningsverket som vart bygd i sentrum av byen ein gong på 1300-talet fvt. vart faktisk kalla kyklopisk av dei greske etterkommarane, av di dei meinte at berre kyklopar kunne bygge slike festningsverk.

Minnet om mykensk stordomstid overlevde gjennom dei mørke hundreåra i gresk historie, og ei romantisk framstilling av den mykenske perioden dannar grunnlaget for kjende greske episke dikt av, Iliaden og Odysseen av Homer.

Vi reknar med at greske folkegrupper innvandra til Hellas-området kring 1600 fvt. Grekarane sitt inntog markerte ei ny epoke i området, sidan dei utvikla ein imponerande bronsealder-sivilisasjon der, som ikkje gjekk under før i 1200–1100 fvt. Denne kulturen kan samanliknast med høgkulturane i Mesopotamia og Egypt, men vi veit lite sikkert om han sidan skriftspråket endå ikkje er tyda.

Det vi veit er at det var ein høgt utvikla kultur, med eit eige skriftspråk og (trass namnet vi har gjeve han) langt større utbreiing enn berre byen Mykene. Vi veit òg at kongar og andre former for nobilitetar vart gravlagde i store sirkulære gravkammer, tholosar, saman med gullmasker, sølv og til dømes dolkar eller andre former for militært utstyr, noko som tyder på at militære eigenskapar var viktige. Det er òg funne døme på mumifisering av døde.

På eit tidspunkt rundt 1100 fvt. braut den mykenske kulturen saman, og grekarane gjekk inn i den perioden som historikarane kallar dei mørke hundreåra i gresk historie. Årsaka til at dei vert kalla dei mørke hundreåra er at det ikkje finst nokon skriftkjelder frå perioden og at ein har færre arkeologiske funn frå perioden. Det einaste vi veit heilt sikkert er at folkesetnaden brått gjekk kraftig nedover.

Tidlegare har den rådande teorien vore at den mykenske kulturen gjekk under grunna ein invasjon av eit nytt gresk folkeslag, dorarane, men den teorien er no underlagt stor tvil. Ein ser mellom anna at egyptiske kjelder frå same tidsperiode nemner ei lang rekke uår der avlingane svikta, noko som førte til mellom anna krigar og folkevandringar. Det mykenske fallet fell òg saman med brå nedgang i ei rekke sivilisasjonar i Midtausten/Sør-Europa-området. Mange historikarar meiner at desse uåra stammar frå klimaendringar etter store vulkanutbrot, og at dei var den direkte årsaka til den mykenske undergangen. Den teorien passar òg saman med at store grupper av grekarar flytta ut til øyene i Egearhavet og kysten i Vesleasia for å dyrke nytt land.

Dei mørke hundreåra[endre | endre wikiteksten]

Perioden mellom om lag 1200 fvt. og 800 fvt. i gresk historie kjenner vi lite til. Vi veit at dei store mykenske palassa vart øydelagde (eller berre forlatne til forfall) og at skrivekunsten døydde ut. Utgravingar viser at potter og kar frå dei mørke hundreåra var enkle og praktiske, i motsetnad til dei mykenske pottefunna, som var kunstnarisk dekorerte. Dei same utgravingane viser at grekarane budde saman i langt mindre busetnader i denne perioden, samstundes som ein ikkje finn varer frå andre kulturar i busetnadane. Det tyder på at handelen og kontakta med kringliggande sivilisasjonar no var nede i eit minimum. Andre sivilisasjonar som har nemnt mykenarane i sine skriftkjelder slutta òg å nemne dei.

Vi veit at dei fleste greske områda i dei mørke hundreåra vart styrte av kongar, som mange stader seinare vart utbytta av eit aristokratisk styre. Samstundes vart det tradisjonelle indoeuropeiske kavaleriet bytta ut med infanteri, og jarnet vart teke i bruk. Desse punkta er truleg ein del av grunnlaget for at grekarane utvikla ein særs egalitær kultur i det dei gjekk saman i skilde polisstatar:

Jarnet var lettare tilgjengeleg og billegare å nytte enn bronse hadde vore tidlegare, medan bruken av infanterisoldatar gjorde at det ikkje berre var heste-eigande aristokratar (stormenn) som tok del i hærføringa. I ein kultur som la stor vekt på menn si evne til krigføring ser ein for seg at det her førte til ei mykje jamnare deling av makta; og når dei mørke hundreåra tek slutt rundt 800 fvt. ser ein utviklinga av demokratiet.

Det gamle Hellas[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt sett seier vi at den historiske epoken som vert kalla «det gamle Hellas» byrjar med dei første olympiske leikane i 776 fvt. og varer fram til Aleksander den store døyr i 323 fvt.

Polisstatar[endre | endre wikiteksten]

Kart over byar på Peloponnes

Frå kring 800 fvt. har vi igjen gode funn og kjelder frå ein gresk kultur som er i framgang og vekst. Den nye greske sivilisasjonen var ikkje sentralstyrt, som den gamle høgkulturen, men delt inn i mange små, sjølvstyrte samfunn som voks opp kring det lokale forsvarsverket (borga), akropolis. Ordet akropolis tyder «byen på toppen», og kjem av at greske bønder i løpet av dei mørke hundreåra bygde små forsvarsverk på høgder i landskapen for å kunne rømme dit når framande hærar marsjerte over jorda deira.

Akropolis vart, etterkvart som den greske kulturen hevda seg igjen, ein viktig samlingsstad i polisstaten. Rett nedanfor akropolisen oppretta dei ofte små handelsstader eller marknader, agora, der varer vart bytta mellom bøndene og kanskje til og med med framandlandske handelsmenn. Byen vart med andre ord det militære og økonomiske maktsenteret i staten, trass i at det greske samfunnet framleis var eit agrart jordbrukssamfunn, og at makta hovudsakleg låg i henda på menn med store landeigedomar.

I heile det greske området reknar ein med at det fanst om lag 600 skilde polisstatar som ofte låg i konflikt med kvarandre om kvar grensene burde gå.

Maktfordelinga i dei tidlege polisstatane[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var dei greske polisstatane monarki, men sidan det var skrint jordbruksland i dei fleste polisstatane sat det jordeigande aristokratiet på hovuddelen av makta. Dei fungerte òg som ein krigarstand, sidan dei var dei einaste med ressursar nok til å halde seg sjølve med våpen. Aristokratane i kvar polisstat kjempa ein indre maktkamp mellom kvarandre om mest mogeleg jord (og på det viset; makt), og drap gjerne monarken (eller nokon andre) etter som det passa deira eigen veg mot meir jord og makt; for det var aristokratiet som var «staten». Småbønder var sjølvsagt dei som vart mest skadelidande av den aristokratiske jord- og makthungeren

Jarn var lettare å få tak i og billegare å utvinne enn bronse. Faktisk hadde bronse vore so dyrt og vanskeleg å utvinne at det var med på å halde ved like aristokratiet si makt, sidan dei var dei einaste som hadde nok ressursar til å skaffe seg bronsevåpen. Med jarnet utvikla grekarane rundt 600 fvt. hoplittane, nemleg bondesoldatar som gjekk til krig i tett formasjon, falanks. Dei bonde-dominerte hoplitt-hærane, saman med dei sterke jarnvåpna viste seg å vere den perfekte kombinasjon for å kunne slå alle små granne-sivilisasjonar — og bøndene fekk langt meir makt over hæren enn tidlegare. Makta i den greske sivilisasjonen bygde i stor grad på militær makt.

Jarnalderen kom til Søraust-Europa allereie rundt 1500 fvt. med hetittane, ei anna indoeuropeisk folkegruppe. Av di jarnet var so sterkt og lett å utvinne forsøkte hetittane å halde røyndomen bak framstilling av jarn hemmeleg, men i lengda var det sjølvsagt umogeleg.

Etterkvart hamna aristokratiet i konflikt med ei veksande form for handelsstand, som vart mektigare og mektigare di meir gresk handel og kultur blomstra (myntar vart innført i gresk kultur rundt 680 fvt.). Frå midt på 600-talet samla ofte handelsstanden og bøndene seg kring populistiske leiarar som vart kalla tyrannar; eineherskarar som skulle fordele jorda rettferdig mellom innbyggarane i staten. Ein tyrann skulle med andre ord få bruke den eineveldige makta si til å ta jorda frå aristokratiet og dele henne ut mellom borgarane i staten. I staden førte sjølvsagt tyrannane ofte same politikk som dei fleste eineveldige herskarar har gjort i historia, etter at dei kom til makta. Mange tyrannar misbrukte makta dei vart gjevne gjennom folkeopprør.

Det er verd å merke seg at tyranni ikkje hadde den same negative klangen i det gamle Hellas, som orda tyrann og diktator har i dag. Ein tyrann var ein suksessrik opprørsleiar, og oftast hadde han stønad frå ein stor del av folket (i alle fall i byrjinga).

Ein ser utviklinga frå monarki til tyranni (og kanskje tilbake til monarki igjen) i særs mange polisstatar. Etterkvart som tyrannane utnyttar makta si og vert kasta av nye tyrannar igjen og igjen, utviklar dei fleste av statane ei form for demokrati — folkestyre. Dei opprettar folkeforsamlingar som møtes til visse tider, og gjennom desse forsamlingane utviklar ein nye lover og vel herskarar. Det vert naturleg nok organisert på skilde måtar i skilde polisstatar, men dei fleste utviklar ei form for folkeforsamling og valte herskarar.

Utviklinga av gresk kultur[endre | endre wikiteksten]

På 700-talet fvt, «på veg ut av» dei mørke hundreåra, tok grekarane til seg ei lydskrift som stamma frå fønikarane (ganske likt vårt eige alfabet). Av den grunnen har vi skriftlege kjelder til gresk kultur etter dei mørke hundreåra, som er «lette» å tyde; og det er den greske kulturen frå det gamle Hellas mange reknar som det kulturelle grunnlaget for vestleg kultur. Frå det gamle Hellas kjenner vi dei tidlegaste filosofane, tradisjonen med dei olympiske leikane, politikken (av latin: styret av polisen), tankane om demokrati og mykje, mykje meir.

Det er særleg Aten som får den blanda æra av å vere fødestaden for vestleg kultur og tenking. Gjennom hellenismen får det greske (atenske) tankesettet ei enorm utbreiing. Men i motsetnad til Aten fanst òg polisstatar der tanken om til dømes demokrati var ein heilt annan — og der ein hadde eit heilt motsett syn på personleg fridom. Eit døme på det er Sparta, som både i samtid og ettertid vert skildra som ein krigarstat.

Trass i at grekarane aldri vart samla til ein sentralstat kjende dei seg som eit folkeslag, i motsetnad til resten av verda. Dei skilde mellom grekarar og barbarar (av gresk: 'dei som bablar uforståeleg'). Sannsynleg spelte dei fellesgreske kulturelle samlingspunkta, som til dømes Orakelet i Delfi og dei olympiske leikane sterkt inn i samkjensla mellom grekarane.

Mektige polisar[endre | endre wikiteksten]

Innan det sjette hundreåret fvt. var Aten, Sparta, Korint og Theben dei fire dominerande polisstatane. Alle fire hadde lagt under seg grannestatar og utvida maktområda sine kraftig i den greske verda, og Aten og Korint slo seg opp som dei to dominerande innan sjøfart og handel.

Aten og Sparta utvikla seg til å verte dei to klårt mest dominerande polisstatane, og kom etter kvart til å leie an på kvar si side i ei blodig konflikt som splitta opp heile den greske sivilisasjonen. Dei to var bygde på særs skilde kulturgrunnlag.

Polisen Aten låg i eit område (Attika (Attikí)) som ikkje dugde særleg mykje til vanleg jordbruk. Det førte til at staten hovudsakleg produserte olivenolje og andre luksusvarer, som dei laut handle til seg grunnleggande jordbruksvarer med. Dei var, frå naturen si side, tvungne til å handle — og det var truleg ein del av bakgrunnen til at dei vart ein av dei dominerande polisstatane på havet.

Institusjonar i det atenske samfunnet[endre | endre wikiteksten]

Aten stod på mange måtar i krass kulturell og politisk motsetnad mot Sparta. Aten var ein av dei mange greske polisstatane som hadde gått gjennom sin periode med tyranni og gått vidare til demokrati. Det var i den perioden då atensk politikk vart dominert av strategen Perikles at Aten utvikla seg til å verte ei skikkeleg stormakt i den greske verda og danna det kulturelle grunnlaget mange i Vesten reknar som sitt grunnlag. Han var mellom anna ein sterk forkjempar for demokratiet; og ein viktig figur under persarkrigane.

Den grunnleggande maktinstansen i Aten var Folkeforsamlinga, som var eit allmøte; her kunne alle frie menn over 18 år komme med lovframlegg, debattere ope og røyste for eller i mot nye lovar. Folkeforsamlinga kom saman om lag 40 gongar i året. Med loddtrekking i Folkeforsamlinga vart Rådet på 500 menn over 30 år veld ut. Desse menna skulle førebu saker før folkeforsamlinga kom saman, og kunne sitte i eitt år av gongen. Årsaka til at det vart trekt lodd om kven som skulle sitte i rådet var at mektige borgarar ikkje skulle kunne tvinge til seg røyster og maktposisjonar. Atenarane såg på loddtrekking som den høgste demokratiske valforma, og velde difor òg ut medlemmane i domstolane på den måten.

Dei einaste som laut vinne sin posisjon gjennom røystegjeving i Folkeforsamlinga var dei ti militære leiarane, som vart kalla Strategane. Strategane fekk stor makt i den atenske polisstaten, men laut ha stønad frå eit fleirtal i Folkeforsamlinga bak seg for ikkje å misse plassane sine.

Aten vs. det moderne Vesten[endre | endre wikiteksten]

Når vi lærer om alt Vesten har fått av kulturell og vitskapsmessig kapital frå Aten, verkar det som om atensk kultur var mykje «mildare» enn den spartanske, etter standardane som gjeld i vår tid. Det kan godt vere sant, men mest sannsynleg ville ein person frå Noreg få eit kraftig kultursjokk om ho tok ferieturen til det gamle Aten.

Her var til dømes kvinner sin posisjon i praksis på fødebenken, eller på kjøkenet, i større grad enn vi har sett i seinare vestleg historie. Framståande, gifte atenske menn skulle til ei kvar tid ha god tilgang til elskarar eller prostituerte; dei måtte vere unge gutar eller unge jenter, for at dei skulle fylle rommet for tidtrøyte i livet til den vanlege atenske borgaren. Kvinnene sin posisjon i samfunnet var hovudsakleg å gje mannen ektefødde gutebarn og å passe på heimen, og mannen sjølv hadde ikkje særleg mange plikter ovanfor kvinna. Norma var å gifte vekk dottera når ho var mellom 12 og 15 år, for på den måten å sikre seg mot anklager om at jenta ikkje var jomfru — for det var straffbart for menn å leve i eit ekteskap om kona hadde vorte valdteken elle ikkje hadde vore tru. Kvinna skulle heller ikkje ta del i selskapslivet.

Røysteretten låg hos om lag 40 000 menn, i ein folkesetnad som telte om lag 300 000. Det vil med andre ord seie at polisstaten Aten langt i frå var noko demokrati i moderne vestleg forstand. Aten ville truleg vorte utsett for boikottar frå store delar av Europa med eit sånt system i dag. Dei som vart uteletne frå demokratiet var kvinnene, born og ungdom under 18, dei fastbuande utlendingane (hovudsakleg handelsmenn; metoikar), slavar og frigjevne slavar. Heile det atenske samfunnet (som resten av den greske sivilisasjonen) var bygd på slavedrift.

Slavane fanst rett nok i alle posisjonar i samfunnet; ein finn sprikande døme på mellom anna slavar som arbeidde som legar og politifolk, og slavar som sleit seg sund i steinbrott eller fungerte som ufrie prostituerte. Med andre ord var det ingen yrkesgrupper som var spesielt tilpassa slavar, slik vi fann i meir moderne slaveøkonomiar som til dømes Sørstatane i USA. Like fullt var det vanlege synet på slavar at dei var slavar av natur, nett som atenarane var frie av natur og kunne ta sjølvstendige val om kva dei ønskte å gjere med liva sine.

Ein finn heller ikkje nokre døme på at atenarane tilpassa offentlege kontor til fysisk eller psykisk uføre menneske. I gresk kultur var alle former for uføre ein straff frå gudane, og vi finn døme på at atenarane viste stor forakt for uføre.

Segeste-tempel

Gresk utvandring[endre | endre wikiteksten]

Allereie rundt 750 fvt, byrja ein storstilt gresk utvandringsepoke som kom til å vare i 250 år. Polisstatane hadde stor vekst i folkesetnad og makt, og det skrinne jordbrukslandet i Hellas hadde ikkje kapasitet til å halde so mange folk med mat.

Ein trirem — gresk krigsskip

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hellas i antikken