Mykorrhiza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mykorrhiza eller sopprot er ei symbiose mellom ein soppart og røtene til ein planteart. Dette er svært vanleg i naturlege plansamfunn.

Ordet mykorrhiza kjem av gresk mykes, 'sopp' og rhize, 'rot', og det betyr altså 'sopprot'.

Det viktigaste for planta er eit auka opptak av mineral og vatn frå jorda. Den største fordelen er auka opptak av fosfor. Men det gjeld og nitrogen, kalsium, magnesium, kalium og ymse viktige sporstoff. Dette er stoff som i lita grad er løyselege i vatn. I tillegg vert planterøtene verna mot angrep frå insekt, bakteriar og skadelege soppar.

Til motyting brukar soppen mellom 5 og 20 % av planta sin nettoproduksjon frå fotosyntesen. Soppen verkar som eit transportsystem for utveksling av sukker, vitaminar og plantehormon mellom individ av ulike artar. Det kan vere grunn til å sjå på eit plantesamfunn, som til dømes ein skog, som eit samanhengande system med dei felles mykorrhizaforbindelsane som bindeled.

Ein skil mellom to hovudtyper av mykorrhiza. Når soppen lagar ei kappe rundt planterøtene, vert det kalla ektomykorrhiza. Det er vanleg hjå fleire av dei vanlege skogstrea våre, men ikkje hjå ask. Når soppen veks inn i rota og forgreinar seg inne i rotcellene, snakkar vi om endomykorrhiza. Soppane som lagar mykorrhiza er ofte matsoppar som kantarell og risker, til liks med giftsoppar som flugesopp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Wikipedia på dansk
  • Sopp og nyttevekster, nummer 1 2007. Klaus Høiland: Mykorrhiza - samspillet mellom trær og sopp.