Nærøydalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nærøydalen er eit dalføre i Vestland. Dalføret går omtrent frå Stalheim i Voss kommune til Gudvangen ved Nærøyfjorden i Aurland. I dalbotnen renn Nærøydalselvi som munner ut i Nærøyfjorden ved Gudvangen. Nærøydalselvi blir mellom anna tilført vatn frå Stalheimsfossen, Sivlefossen og Jordalselvi. Stamvegen mellom Oslo og Bergen, E16, går gjennom dalen. I foten av Jordalsnuten er det gruver der det blir det brote anortositt.

Næringar[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelle næringar i Nærøydalen er jordbruk og turisme. I jordbruket er det tradisjonelt drive med kyr i dalen. Det er i tillegg eit eige steinknuseverk i dalen. Der vert det produser anortositt som vert knust og skipa ut med båt frå hamna.

Skule[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var skule og barnehage samla på Skjerping. Båe delar er i dag nedlagd, og elevane pendlar dagleg til barneskule i Flåm.

Overnatting[endre | endre wikiteksten]

I dalen er det eit hotell, Gudvangen Fjordtell, som driv tradisjonell hotelldrift med utleige av rom og kafedrift. Det er og to campingplassar i dalen, Vang camping og Gudvangen camping.

Handel[endre | endre wikiteksten]

Det er i dag ein daglegvare og bensinstasjon samla på ein stad. Dagens butikk vart opna litt før Gudvangatunellen opna i 1991. Staden butikken står på er utfylt med massar frå Gudvangatunellen.

Marknad[endre | endre wikiteksten]

Kvar somar vert det arrangert vikingmarknad i dalen. Her kjem vikingar frå fjærn og nær for å treffast og selja produkta sine.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nærøydalen